Forbrukarmakt for berekraft
Tenk over
Er det eit eller fleire av klimatipsa til Radical Broccoli-søstrene som du blei inspirert av? Kva for nokre, i så fall?
Som forbrukarar kan vi påverke kva for varer og tenester som blir tilbydde. Viss vi er mange nok som går inn for å kjøpe eit produkt eller ein bestemd type vare, vil fleire butikkar kanskje byrje å tilby det. Dermed blir det lettare tilgjengeleg, og endå fleire får moglegheita til å kjøpe det.
I motsett fall kan redusert sal skape merksemd rundt ei bestemd problemstilling. I 2012 blei det sett i gang ein kampanje mot produkt som inneheldt palmeolje. Mange forbrukarar byrja å unngå desse produkta. Produsentane tok signala, og i dag er forbruket av palmeolje redusert med to tredjedelar.
I Sweatshop-episoden nedanfor ser vi fire ungdommar, mellom dei influensaren Anniken Jørgensen, som reiser til Kambodsja. Dei ønsker å stille krav om openheit om arbeidsforhold i tekstilfabrikkar, med eit mål om å påverke rettane til tekstilarbeidarane.
Tenk over
Er det ei eller fleire saker du er villig til å bruke forbrukarmakta di på? Kva for nokre, i så fall?