Segmentering og målgruppeval for fotograferingstenester - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Segmentering og målgruppeval for fotograferingstenester

I denne oppgåva skal de jobbe med segmentering og målgruppeval for ei tenkt ungdomsbedrift som tilbyr fotografering.

Tenk dykk at de har ei ungdomsbedrift som tilbyr fotografering. Først tenkjer de at de vil nå ut til alle i byen. Men etter kvart finn de ut at det kan vere vanskeleg å nå fram med ein tydeleg bodskap til alle i byen samtidig.

De finn ut at de kan prøve å avgrense i målgrupper. Dette kan gjere det enklare for dykk å målrette fotograferingstilbodet og nå fram med marknadsføringa.

Forslag til arbeid med oppgåvene:
  • Jobb gjerne i par.
  • Presenter svara for klassen.
  • Ha til slutt ein diskusjon om oppgåvene i klassen.

Oppgåver

  1. Gjer greie for kva segmenteringskriterium og kva slags segmenteringsstrategi det kan vere aktuelt å nytte for målgruppeval. Bruk relevante fagomgrep.
  2. Skriv ei skildring av ein eller fleire målgrupper de vil nå ut til med fotograferingstilbodet dykkar.
  3. Gjer greie for kvar og korleis de vil kommunisere for å nå ut til den målgruppa eller dei målgruppene de har valt. Grunngi svaret dykkar.
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021