Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær av kvarandre om segmentering og målgruppeval

I denne oppgåva skal du samarbeide med den du sit ved sida av i klasserommet, med vekt på å lære av kvarandre om segmentering. Lykke til!
Elevar som samarbeider to og to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på omgrepa nedanfor, og fordel dei med medeleven ved sida av deg.

  • Bruk nokre minutt på å setje deg inn i omgrepa du har fått tildelt, før du forklarer dei for medeleven din.
  • Be deretter vedkomande formulere det han/ho har lært av deg, med eigne ord.
  • Medeleven forklarer deretter dei andre omgrepa til deg, før du skal formulere desse med eigne ord.

Fokus i denne oppgåva er å lære av kvarandre.

Omgrep:

  • segmentering
  • målgruppe
  • segmenteringsvilkår
  • dei ulike segmenteringskriteria
  • dei ulike segmenteringsstrategiane
  • analyseverktøy som Google Analytics, Facebook Innsikt og Instagram Innsikt
  • spegelpublikum og In-market-publikum
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Segmentering og målgruppeval