Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgruppeval og forretningsidé for New Smoothie Energy

I denne oppgåva skal du formulere forretningsidé og tilrå målgruppe for ei tenkt ny bedrift med namnet New Smoothie Energy.
Glas med grøn drikke. Blomstrar og grøne blad i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du får ansvar for å utarbeide forretningsidé og velje målgruppe for ei tenkt ny bedrift med namnet New Smoothie Energy.

Verksemda skal lansere eit nytt produkt som følgjer ein trend i tida med sunn og naturleg mat. Smoothien er ein ferdigdrikk laga med bær og spinat, og i tillegg er han tilsett ekstra vitamin og protein. Smoothien blir selt i ei resirkulert flaske.

New Smoothie Energy meiner at smoothien deira har eit konkurransefortrinn med det høge innhaldet av protein og vitamin. Smoothien passar fint som eit mellommåltid og til å nyte etter trening.
Ta i bruk dei føresetnadene du meiner er naudsynte for å svare på oppgåva.

Oppgåve:

  1. Formuler ei setning som du meiner kan vere ein passande forretningsidé for New Smoothie Energy.
  2. Forklar korleis du meiner New Smoothie Energy kan bruke dei ulike segmenteringskriteria. Bruk relevante fagomgrep.
  3. Identifiser og beskriv, så presist som mogleg, kva du meiner kan vere primærmålgruppa til New Smoothie Energy.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Segmentering og målgruppeval