Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Segmentering og målgrupper i Varner

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i Varners kjeder og konsept, jobbe med segmentering og målgruppeval.
Frank Varner utanfor butikken sin på Grünerløkka i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon om Varner

Frank Varner opna den første butikken sin i Thorvald Meyers gate på Grünerløkka i Oslo i 1962. Butikken heitte "Frank Varner" og vart ein stor suksess. Tre år seinare opna nok ein butikk i Oslo og éin i Trondheim.

I 1967 vart namnet Dressmann lansert i samband med ei ny butikkopning i Skippergata i Oslo. Sidan gjekk det i eitt – Dressmann-butikkar opna i rekordfart over heile landet.

Nye kjeder og konsept

På 1980-talet vart Cubus og Carlings ein del av Varner. I 1991 vart selskapet Bik Bok kjøpt opp.

I 2001 gjekk konsernet inn i ein ny marknad gjennom oppkjøpet av Urban – ein livsstilsbutikk med røter i skate- og snowboardmiljøet.

Kasseområdet til klesbutikken Urban på kjøpesenteret Lagunen ved Bergen, oktober 2020. Logoen til kjeden Urban er laga med lysande bokstavar og heng på veggen bak kassa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2002 vart Junkyard etablert, og kjedene WOW og Volt vart etablerte i 2006. Samtidig med etableringa av nye kjeder og butikkar blir Varner stadig meir internasjonale. Dei største marknadene utanom Noreg er Sverige og Finland.

Du kan lese meir om konsepta til Varner på Varners nettside.

Oppgåver

  1. Forklar, med eigne ord, kva som blir meint med segmentering og målgruppeval.
  2. Forklar kva som blir meint med segmenteringskriterium. Vel tre av kjedene i Varner, og forklar korleis du meiner dei kan ha brukt dei ulike segmenteringskriteria. Bruk relevante fagomgrep.
  3. Forklar kva som blir meint med segmenteringsstrategiar, og bruk døme frå kjedene i Varner. Bruk relevante fagomgrep.
  4. Forklar kva som blir meint med målgrupper. Identifiser og beskriv kva du meiner er primærmålgruppa til tre av kjedene, så presist som mogleg.

Kjelde:

Varner. (u.å.). Om oss. https://varner.com/no/about-us/

CC BY-SASkrive av Kristoffer Heide Kitterød og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Segmentering og målgruppeval