Oppgåve
Målgrupper for ein musikkfestival
I denne oppgåva skal de velje ut målgrupper til ein musikkfestival. Deretter skal de planleggje ein radioreklame som skal marknadsføre festivalen.
- Tenk dykk at de skal marknadsføre ein musikkfestival. Ta utgangspunkt i føresetnader de vel sjølv, og beskriv den tenkte musikkfestivalen.
- Identifiser og beskriv moglege målgrupper for musikkfestivalen.
Vel ut ei primærmålgruppe, og definer ho så presist som mogleg.
Tenk dykk at de skal lage ein radioreklame for musikkfestivalen. Planlegg radioreklamen.
Korleis vil de utforme ein bodskap for å nå ut til primærmålgruppa?
Spel inn eit lydklipp for å illustrere radioreklamen.