Hopp til innhald

Fagstoff

Internett som distribusjonskanal

Handlar du mykje på nett? Kva handlar du i så fall, og kvifor vel du å handle dette på nett? Netthandel held fram med å vekse i rekordfart, og mange verksemder satsar på distribusjon via internett.
Ung kvinne med hodetelefonar og kredittkort utfører netthandel på laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Distribusjon gjennom internett

Distribusjon gjennom internett er ein effektiv måte å få produkt frå produsenten, eventuelt via ein grossist, til kunden. Netthandelen har hatt ein formidabel vekst dei siste åra, og han vil truleg halde fram med å auke i åra som kjem.

For fysiske produkt skjer meir og meir av salet via nett. Det gjeld til dømes elektronikk, sports- og fritidsartiklar, klede og sko. Dei fleste sal på nett skjer via ein indirekte salskanal. Med det meiner vi at produkta blir selde gjennom fleire mellomledd.

For digitale produkt, som til dømes e-bøker, elektroniske billettar og strøymetenester, fungerer internett som ein svært effektiv direkte salskanal. Her blir produkta selde direkte frå produsenten. Eit anna døme er bilprodusenten Tesla, som sel bilane sine på nett.

Tenk etter!

Kva kan vere fordelar og ulemper med distribusjon gjennom internett?

Vekst i netthandelen

Det har vore ein vekst i netthandelen gjennom fleire år. Koronakrisa i 2020 førte til ein ytterlegare auke i denne veksten. Mange forbrukarar som tidlegare ikkje brukte nettet til å handle, blei introduserte for netthandel under koronaperioden.

Handlevanane til nordmenn på internett har hatt ein vekst, og tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det har vore ein stor auke i netthandelen. I rapporten nedanfor kan du lese om shoppingsvanane til nordmenn på nett i 2020.

Filer

Omnikanalstrategi

Omnikanalstrategi dreier seg om å styre mange kanalar på ein saumlaus, synkronisert og tilpassa måte opp mot kunden.

Talet på salskanalar og kommunikasjonskanalar aukar stadig. I ein omnikanalstrategi bruker vi alle relevante kanalar for å få selt og distribuert produkta. Tenk deg til dømes Ticket reisebyrå. Reisebyrået har nokre fysiske butikkar rundt om i Noreg. Som kunde kan du òg besøkje Ticket på nett, du kan ringje callsenteret, eller du kan kontakte reisebyrået på sosiale medium. Dette er døme på ulike kanalar for å nå kunden.

Ein kunde og ein kundebehandlar på et reisebyrå ser på ein skjerm saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter!

Kva tenkjer du er viktig for å lykkast med å bruke internett som distribusjonskanal no og i framtida?

Korleis lykkast med netthandel?

Stadig fleire verksemder satsar på netthandel, men kva skal til for å lykkast med ein nettbutikk?

Amazon er den største nettbutikken i verda. Mange trur at det berre er eit tidsspørsmål før Amazon gjer inntog i Noreg, og at det kan få betydelege konsekvensar for norsk varehandel.

Frederik Aune Guttormsen er medgründer og CMO i Netthandelsgruppen. I denne podkastepisoden snakkar han om kva som må til for å lykkast med netthandel (podkastepisode av Shifter).

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon