Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Junkyard

Junkyard sel sportsmote og joggesko. I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i Junkyard, jobbe med konkurransemiddelet distribusjon.
Kvite joggesko frå Nike på eit speilpodium på eit bord i ein butikk. Biletet er teke på Urban-butikken i Lagunen kjøpesenter ved Bergen, oktober 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Gå inn på nettsida til Junkyard. Vurder om du synest nettsida er brukarvenleg.
  2. Gjer greie for distribusjonsstrategien til Junkyard.
  3. Kva betyr omnikanalstrategi? Bruker Junkyard dette? Grunngi svaret.
  4. Drøft påstanden: "Val av distribusjonsstrategi har stor betydning for image, korleis verksemda blir oppfatta i marknaden."
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon