Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Distribusjonsstrategien til Hennes & Mauritz

Finnes det ein Hennes & Mauritz-butikk (H&M) på heimstaden din? Kvar er butikken i så fall plassert? H&M har òg nettbutikk. I denne oppgåva skal du sjå nærare på distribusjonsstrategien til H&M.
Inngangen til ein Hennes & Mauritz-butikk inne på eit kjøpesenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Gjer greie for distribusjonsforma til H&M.
  2. Drøft kva distribusjonsgrad du meiner at H&M nyttar seg av. Grunngi svaret.
  3. Utforsk kvar ulike H&M-produkt blir produserte. Gå inn på nettsida til H&M og klikk på "produktbakgrunn" for nokre produkt i kategoriane jeans og genserar. Du kan òg besøkje ein fysisk H&M-butikk og sjekke merkelappane på nokre av kleda. I kva land er dei fleste kleda produserte?
  4. Utforsk det etiske aspektet ved kvar og korleis H&M-produkt blir produserte. Sjå episode 1 av sesong 2 frå serien Sweatshop nedanfor. Serien er frå 2016.

H&M skriv følgjande på nettsida si:

Alle våre produkter er laget av uavhengige leverandører, ofte i utviklingsland hvor vår tilstedeværelse kan gjøre en reel forskjell. Vår virksomhet bidrar til å skape jobber og uavhengighet, spesielt for kvinner, og dermed løfte mennesker ut av fattigdom og bidra til økonomisk vekst. Vi jobber bare med partnere som deler vår respekt for mennesker og miljø, og som er villige til å samarbeide med oss for å forbedre sin praksis. Alle leverandører og fabrikker må skrive under på vår strenge Sustainability Commitment, som inkluderer krav til rettferdig lønn og gode arbeidsforhold for alle.

  1. Drøft påstanden: "Det har ikkje så stor betydning kvar produkta blir produserte og korleis dei blir distribuerte ut til meg som kunde."
  2. Skriv eit refleksjonsnotat med tittelen "Dette kjenneteiknar distribusjonsstrategien til H&M".
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon