Hopp til innhald

Fagstoff

Kjedesamarbeid

Kvifor trur du så mange butikkar er med i eit kjedesamarbeid? Samfunnet er i kontinuerleg endring, og konkurransen om kundane blir stadig hardare. Vekst og utvikling er derfor viktig, og ulike former for samarbeid kan for nokre verksemder vere naudsynt.
Ein butikkmedarbeidar snakkar med ein kunde ved kassa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å oppnå stordriftsfordelar og auka konkurransekraft kan sjølvstendige verksemder inngå eit kjedesamarbeid.

Horisontalt og vertikalt samarbeid

Vi skil mellom to hovudtypar kjedesamarbeid, horisontalt og vertikalt samarbeid.

Fire distribusjonskanalar med distribusjonsledda produsent, grossist, detaljist og kunde. Pilene som går loddrett, viser til vertikalt samarbeid mellom ulike typar distribusjonsledd. Vassrette piler viser til horisontalt samarbeid mellom same type distribusjonsledd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid mellom same type distribusjonsledd, som til dømes detaljistar, blir kalla horisontalt samarbeid. Eit døme er Norli, der fleire bokhandlarar har gått saman i ei kjede.

Samarbeid mellom ulike typar distribusjonsledd i ein distribusjonskanal blir kalla vertikalt samarbeid. Eit døme er Gyldendal bokforlag som har eigne utsalsstader gjennom bokhandlarkjeda Ark.

Sjølvstendig verksemd eller kjedesamarbeid?

Kva fordelar og ulemper har det å drive ei sjølvstendig verksemd i forhold til det å inngå eit kjedesamarbeid? Tenk deg til dømes ein liten, lokal klesbutikk ved namn Hannas Design, og samanlikn med kjeda Vero Moda.

Det kan vere fleire fordelar ved å vere ei sjølvstendig verksemd. Det kan krevje færre tilsette, og avgjerdsprosessen kan vere enklare. Organiseringa er ofte enkel og praktisk, og verksemda har moglegheit til å behalde eit eige særpreg på drifta.

Tenk etter!

Du har kanskje høyrt fleire snakke om at det er viktig å støtte små, lokale butikkar. Kvifor meiner mange at dette er viktig? Kva kan vere utfordringane med at fleire og fleire verksemder slår seg saman?

For ei verksemd kan det å inngå eit kjedesamarbeid bidra til ein reduksjon av kostnader, på grunn av . I tillegg vil felles marknadsføringsaktivitetar kunne gjere verksemda meir synleg.

Ei ulempe med kjedesamarbeid er at avgjerdsprosessane kan bli meir krevjande, fordi det er fleire tilsette og fleire leiingsnivå.

Framsida av ein Vero Moda-butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon