Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar kjedesamarbeid

Visste du at det finst ulike typar av kjedesamarbeid? Veit du til dømes kva slags kjede McDonald's er?
Utsida av ein McDonald's-restaurant. Eit barn sit på leikestativet. På taket ser vi McDonald's-logoen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar kjedesamarbeid

Vi skal sjå på følgjande typar kjedesamarbeid:

  • frivillige kjeder
  • franchising
  • filialføretak
  • kommisjonærkjeder
  • strategiske alliansar

Frivillige kjeder

Frivillige kjeder er kjeder der sjølvstendige verksemder av same sort inngår samarbeid under eit felles namn for å oppnå stordriftsfordelar.

Ditt Apotek er eit døme på ei frivillig kjede som består av private apotek som har valt å samarbeide. Eit anna døme på ei frivillig kjede er Skoringen. Denne kjeda består av skobutikkar fordelt over heile landet.

I frivillige kjeder dreg alle verksemdene nytte av fellestenester ved å betale ein sum til felleskassa. Til gjengjeld får dei hjelp til til dømes innkjøp, marknadsføring, juridisk assistanse og personalopplæring.

Prosessar og avgjerder kan ofte ta lengre tid når fleire skal samarbeide. Dei som er med i eit kjedesamarbeid, må følgje strategien som fleirtalet har bestemt. Til dømes kan det hende du må delta i ein felles marknadsføringskampanje, sjølv om produktet allereie sel godt hos deg.

Franchising

Franchising er eit lisenssystem der eigaren av eit produkt eller eit konsept gir sjølvstendige verksemder rett til å distribuere produktet, og til å nytte eit innarbeidd namn på verksemda, mot ein prosentvis del av omsetninga.

Døme på franchisekjeder er Rema 1000 og 7-eleven.

Franchising inneber å innrette seg etter felles retningslinjer. Til dømes kan franchiseeigaren bestemme at franchisetakaren skal innreie lokalet på ein spesiell måte, ha eit spesielt produktsortiment og tilfredsstille visse kvalitetsnormer.

Utsida av Peppes Pizza i Stortingsgata i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filialføretak

Eit filialføretak er ei gruppe detaljistar som har same leiing og felles eigar, men som blir drivne som sjølvstendige einingar.

Selskapet eig den lokale eininga, investerer det som er naudsynt for å starte drift, og tilset dei personane som skal drive på kvar stad. Eigaren har både kontroll over og ansvar for heile drifta.

Døme på filialkjeder er Dressmann, Carlings og Bik Bok, der Varner-Gruppen er eigar. Andre døme er bokhandlarkjeda Notabene. Tidlegare hadde bankar som DNB og Nordea mange filialar rundt om i Noreg.

Tenk etter!

Dei store bankane har tradisjonelt hatt mange filialar over heile landet, men no er det ikkje så mange igjen. Kva er årsaka, trur du?

Denne typen samarbeid har først og fremst økonomiske fordelar, som betre innkjøpsvilkår.

Nokre verksemder er ein kombinasjon av filialføretak og franchise. Blant restaurantane til Peppes Pizza er cirka halvparten filialar, mens dei resterande er baserte på franchisedrift.

Kommisjonærkjeder

I ei kommisjonærkjede er det kjedeeigaren som eig butikkane. Dagleg leiar er ikkje tilsett i kjeda, men er sjølvstendig næringsdrivande. Vedkomande får ein fast prosentdel av innteninga.

Eit døme på ei kommisjonærkjede er Burger King, som er eigd av King Food AS. Selskapet tilbyr både franchising og drift som kommisjonær av Burger King-restaurantane. Som kommisjonær vil King Food AS eige Burger King-restauranten, mens ein annan driftar han – i motsetning til ved franchising, der franchisetakaren sjølv eig restauranten.

Strategisk allianse

Med strategiske alliansar meiner vi samarbeid mellom to eller fleire sjølvstendige aktørar. Strategiske alliansar er ofte det vi kallar , til dømes eit reisebyrå som allierer seg med ulike aktørar alt etter kva kunden ønskjer.

Ny teknologi har gjort det enklare for aktørar å samarbeide, og det har derfor blitt meir vanleg med strategiske alliansar.

Skal du til dømes bestille ei reise hos eit reisebyrå, kan reisebyrået inngå ulike strategiske alliansar. For å kunne tilby deg ei pakkereise, kan reisebyrået inngå ein strategisk allianse med ein turoperatør, eit kredittkortselskap, eit leigebilfirma og eit hotell. Når ein annan kunde bestiller reise, kan det vere aktuelt med andre strategiske alliansar.

Ein smilande salskonsulent ved eit reisebyrå sit med headset og PC. I bakgrunnen heng eit verdskart på veggen. Foto.
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon