Hopp til innhald

Fagstoff

Kortreist mat og berekraftig distribusjon

Korleis ville det vore å leve berre på kortreist mat? Er mykje av det du et til dagleg, "langreist" mat? Kan
meir kortreist mat vere eit steg på vegen til meir berekraftig utvikling?
Venndiagram med tre sirklar der det står "økonomi", "sosiale forhold" og "miljø og klima". I kvar av sirklane er det òg ikon som symboliserer økonomi, sosiale forhold og miljø. I ein fjerde sirkel i midten står det "berekraftig utvikling". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verda er i ein omstillingsprosess. Verksemder må tenkje berekraft i alle ledd i verdikjeda og ta eit samfunnsansvar.

Å tenkje berekraft i distribusjonsavgjerder kan ha betydning for berekraftig utvikling. Kan til dømes kortreist mat vere eit steg på vegen? Korleis ville eit norsk kosthald basert på kortreist mat sett ut?

Kortreist mat

Kva som er kortreist mat, avheng av kvar du bur på kloden. For oss i Noreg betyr det å ete mat som er produsert på norsk jord. Ifølgje ein finsk studie, gjennomført i 2020, er nesten 80 prosent av befolkninga i verda avhengig av importert mat.

Norsk landbrukssamvirke meiner sjølvforsyningsgrada er cirka 40 prosent, men då har dei utelate fisk. Dersom vi inkluderer fisk, er sjølvforsyningsgrada høgare.

Om vi skulle ha vore sjølvforsynte i Noreg, måtte vi ha klart oss utan kaffi. Han er heilt umogleg å dyrke i Noreg. Noko som kanskje er endå verre, er at vi måtte ha klart oss utan sjokolade. Kakaoplanten er nemleg avhengig av ein bitte liten mygg som nok ikkje vil trivast i klimaet vårt. Men søtsmaken kunne ha blitt erstatta med andre søte smakar, som til dømes søte bær og honning.

Noreg importerte i 2020 tre gonger så mykje mat som i 2000, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. Vi importerer alt frå grønsaker, poteter, frukt og bær til meieriprodukt, kjøt og korn. Vi kunne vore sjølvforsynte med mellom anna kjøt, sidan det ligg enorme mengder slakta sau på lager i Noreg.

Tenk etter og drøft!

Noreg importerte i 2020 tre gonger så mykje mat som vi gjorde i 2000, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. Kva tenkjer du om dette?

Drøft påstanden: "Noreg bør halde fram med å importere mat frå andre land."

Norske fryselager med sau

På norske fryselager ligg det enorme mengder med sau. Sommaren 2019 var det til dømes eit fryselager i Rakkestad med over 20 000 sauer som ingen ville ha.

Sauene på fryselagera kunne blitt til både nakkekotelettar, indrefilet, ytrefilet, kjøtdeig, fenadlår, pinnekjøt og steik. Det er kjøt nok til millionar av middagar.


Kvifor er det ikkje meir sauekjøt på plass i butikkane når det er så mykje sau som blir oppbevart på overskotslager? Bør ikkje butikkane ta ansvaret sitt for å oppnå ein meir berekraftig distribusjon? Norske butikkar seier at dei har prøvd, men hevdar at du og eg som forbrukarar ikkje vil ha sau.

I 2019 hadde vi 600 000 kilo svinn av slakta sau. Det svarer til fårikålmiddag til over to millionar menneske. Korleis kan vi tillate det?

I ein episode av NRK-serien Matsjokket får Gry og Kristofer Hivju i oppdrag av kokken Christer å få sauen tilbake på norske middagsbord.

Kjelder

Dæhlen, M. (2020, 2. mai). Kortreist mat og selvforsyning er en ønskedrøm for de fleste land i verden. Forskning.no. Henta frå: https://forskning.no/landbruk-mat/kortreist-mat-og-selvforsyning-er-en-onskedrom-for-de-fleste-land-i-verden/1677380


Risbråthe, M. (2020, 30. mai). Kan vi leve på kortreist mat i Norge? Forskning.no. Henta frå: https://forskning.no/landbruk-mat-nmbu-norges-miljo-og-biovitenskapelige-universitet/kan-vi-leve-pa-kortreist-mat-i-norge/1690178


Vinding, A., Støstad, M.N., & Sæther, P.D.S. (2019, 30. oktober). Det skjulte matsvinnet. NRK. Henta frå: https://www.nrk.no/det-skjulte-matsvinnet-1.14760378

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon