Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om netthandel

I desse oppgåvene skal du undersøkje korleis netthandel blir brukt som distribusjonskanal.
Ein ung mann trykkjer på eit av fleire handlevogn-ikon ved eit søkjefelt på ein skjerm. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Vel ut to nettbutikkar som har internett som den viktigaste salskanalen sin. Gå inn på nettbutikkane og utforsk og vurder produktutvalet, brukarvennlegheita og designen. Kva meiner du er styrkane og fordelane til desse nettbutikkane samanlikna med fysiske butikkar, både sett frå perspektivet til forbrukaren og for verksemda sjølv?
  2. Det er ein stadig vekst i netthandelen. Drøft fordelar og ulemper med netthandel.
  3. Reflekter over kva du trur kjem til å kjenneteikne netthandel og distribusjon i framtida.
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon