Hopp til innhald

Fagstoff

Fem trendar i netthandelen

Netthandelen veks i rekordfart, og konkurransen blir stadig tøffare. Nettbutikkane må følgje med på trendane, for blir dei hengande etter, er det alltid andre som er klare til å ta over.
Ung kvinne med hovudtelefonar på og eit kredittkort i handa ligg på ein sofa med ein berbar PC framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekordstor vekst og tøff konkurranse

Netthandelen held fram med å vekse i rekordfart, og konkurransen blant nettbutikkane er tøffare enn nokosinne. Å ha den beste teknologien tilgjengeleg er viktig for å kunne hevde seg i kampen om kundane. For heile tida å verke oppdaterte og moderne må nettbutikkane integrere nye trendar og funksjonar så raskt som mogleg. Elles risikerer dei å miste kundar fordi konkurrentane allereie kan tilby kundane det dei vil ha. Dagens kundar er nemleg relativt kravstore. Finn dei ikkje akkurat det dei ønskjer, går dei berre vidare til neste treff på lista i Google-søket sitt.

Det er altså om å gjere å følgje med på trendane, og det er særleg fem trendar som gjeld i dag.

1. Netthandel via sosiale medium

Ifølgje ein rapport frå teknologiselskapet Bazaarvoice auka interessa for å handle via sosiale medium som Instagram, Facebook, Pinterest og Snapchat med nærare 40 prosent frå 2018 til 2019. Når butikkar integrerer netthandelen sin i eit sosialt medium, kan dei oppgi prisar, produktskildringar og all annan informasjon kundane treng, direkte der. I det kundane klikkar på "Kjøp", blir dei rett sende til betalinga.

Instagram Shopping blei lansert i utvalde land i april 2018, og ikkje lenge etter blei det òg tilgjengeleg i Noreg. Det fungerer på mange måtar som eit butikkvindauge på mobilen. Ein surfar rundt for å bli inspirert eller fordrive tida, og ser ein noko ein liker, kan ein med eit enkelt klikk gå inn i butikken, finne det produktet ein ønskjer, og bestille det heim – utan å forlate Instagram.

2. Netthandel med VR- og AR-teknologi

Etter kvart som vi har fått stadig kraftigare smarttelefonar, har det òg opna seg nye moglegheiter for netthandel. Ved hjelp av - og -teknologi kan vi mellom anna sjå produkt frå ein nettbutikk i det fysiske rommet. Ein kunde som til dømes vurderer å kjøpe ein ny sofa frå Ikea, kan plassere sofaen virtuelt i si eiga stove for å sjå korleis han passar inn.

Ei hand som held ein mobiltelefon. På mobilskjermen ser vi delar av ei stove med ein kjøpmannsbenk, ein grå sofa med putar og eit sofabord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved hjelp av den same teknologien kan vi òg bruke kameraet på mobiltelefonen til å finne produkt vi er interesserte i å kjøpe. Dette er ei moglegheit som mellom anna Snapchat og Amazon nyttar, gjennom eit samarbeid dei har inngått. Ein funksjon i Snapchat-kameraet gjer det mogleg å ta bilete av eit produkt ein vil kjøpe, og deretter la kunstig intelligens "ta over" for å finne produktet hos Amazon. Så kan ein med eit enkelt klikk kjøpe produktet og få det levert heim.

Fleire smarttelefon-produsentar, som Samsung og Huawei, har den same funksjonen integrert i kameraet på telefonen. Og det er fleire enn Amazon som har byrja å teste ut denne forma for netthandel.

3. Berekraftig netthandel

Motstand mot barnearbeid, miljøkamp, kamp for rettferdig handel og liknande saker har blitt meir sentrale dei seinare åra. Forbrukarane vel ikkje produkt berre ut frå eigenskapane og fordelane med produktet, dei er òg opptekne av kva verdiar merkevara representerer. For nettbutikkane blir det derfor viktig å få alle berekraftstiltaka sine tydeleg fram.

4. Automatiserte chatbots

Det første som slår mange når dei høyrer ordet chatbot ("praterobot"), er at det er noko veldig irriterande. Men chatbots har utvikla seg mykje sidan dei først dukka opp, og gjer i dag god nytte for mange nettbutikkar. Dei har òg blitt meir og meir aksepterte blant folk.

Den store fordelen er at dei er tilgjengelege 24 timar i døgnet til å utføre enkle handlingar som å sende forbrukarane direkte til det produktet dei ønskjer, eller svare på spørsmål som blir stilte om og om igjen. Dei færraste nettbutikkane klarer å tilby kundeservice 24 timar i døgnet – det blir altfor dyrt. Dermed er automatiserte chatbots eit godt alternativ.

5. Mobilhandel

Over halvparten av all netthandel skjer på mobile einingar. Trass i dette finst det framleis nettbutikkar som heng langt bak og ikkje har tilpassa nettsidene sine til å visast på mobiltelefonar. For mange av dei kan det bety at dei sviktar halvparten av kundane sine.

Mobiltelefon som blir halden av ein person som skal til å klikke på ein stor knapp på skjermen der det står "shop" og er bilete av ei handlekorg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Mobilvennlig design er viktig gjennom heile kjøpsprosessen. Ein nettbutikk må vere enkel for kundane å navigere i og ha funksjonar som er optimaliserte til smarttelefonar.

Viktig å følgje utviklinga tett

Teknologien utviklar seg i eit forrykande tempo, og kunstig intelligens og VR-teknologi vil med stort sannsyn opne for mange fleire moglegheiter i framtida. Skal ein lykkast med ein nettbutikk, må ein halde seg oppdatert og alltid vere klar for å hive seg på nye trendar.

Kilde


Bazaarvoice (2019). Interest in social media shopping rises by 38% in 12 months. Henta frå https://www.retail-insight-network.com/news/interest-social-media-shopping-rises/

CC BY-SASkrive av Louis Mellqvist. Rettshavar: MooGruppen AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon