Hopp til innhald
Fagartikkel

Indirekte distribusjon

Har du nokon gong tenkt på den reisa ei brusflaske har vore på før du finn ho i butikkhylla? Først blir ho produsert, deretter blir ho kjøpt og lagra hos ein grossist, og til slutt blir ho transportert til butikken.

Val av distribusjonsform dreier seg om det om bedrifta skal ha direkte eller indirekte distribusjon. Ved indirekte distribusjon blir mellomledd nytta for å få produkt ut til kundane. Denne distribusjonsforma gjer det mogleg å nå store kundegrupper, men ho har òg ulemper.

Indirekte distribusjon

Vi snakkar om indirekte distribusjon når det blir brukt mellomledd for å få produkt ut til kundane. Slike mellomledd kan til dømes vere og .

Indirekte distribusjon er vanleg for dei fleste masseproduserte varer. Masseproduksjon føreset nemleg store kundegrupper, og for å nå desse gruppene krevst det massedistribusjon med ei rekkje mellomledd som sørgjer for at varene blir tilgjengelege for flest mogleg kjøparar.

Kva slags mellomledd som blir brukte, og kor mange, er avhengig av varetype og kva som er vanleg i bransjen.

Eit døme er Coca Cola, som blir selt i daglegvareforretningar, i kioskar, på bensinstasjonar, på serveringsstader og så vidare.

Eit anna døme på indirekte distribusjon kan vere distribusjon av bilar. Bilane blir produserte på ein fabrikk. Når dei er ferdigstilte, blir dei sende med tog, lastebil eller båt over heile verda til ulike importørar. Importørane sel bilane vidare til forhandlarar, og herfrå kan dei seljast enkeltvis til kundane. Tenk deg kor lang tid transport og vidaresal tek, og kor mange som har gjort ein jobb før bilane når kundane.

Stor distribusjonsflate og lågare risiko

Den største fordelen ved indirekte distribusjon er at produsenten kan nå mange kundar og gi god spreiing av produkta.

Når ei verksemd har ferdigstilt eit produkt, kan det seljast til . Grossistane har eit stort nettverk av kontaktar ut mot , og kvar detaljist kan nå ut til mange kundar.

Indirekte distribusjon gir ei stor distribusjonsflate, det vil seie mange utsalsstader for produkta sine.

På den andre sida kan det vere ei ulempe å gi frå seg kontrollen over distribusjonen ved å ikkje alltid vite heilt kvar produkta endar.

Indirekte distribusjon gir lite direkte kontakt med kundane. I tillegg kostar det sjølvsagt noko å bruke mellomledd, sidan alle skal ha ei viss forteneste.

Lågare risiko

Ein fordel ved indirekte distribusjon er lågare risiko for produsenten. Når eit mellomledd har kjøpt produktet, ber dei òg kostnadene og risikoen ved transport, lagring og vidaresal.

Mange av produkta vi som kundar kjøper, har indirekte distribusjon, sidan dei går gjennom fleire mellomledd for å nå ut til oss som kundar.