Hopp til innhald

Fagstoff

Animasjon om distribusjon

Animasjonssnutten nedanfor forklarer kva som blir meint med distribusjon. I animasjonen blir òg nemninga «P for plass» nytta. I tillegg blir ulike former for distribusjon og kjedesamarbeid belyst.
Distribusjon. P for plass – eit samandrag

Viss du skal selje produktet ditt, er du avhengig av at det kjem fram til kunden der kunden er. Distribusjon / P for plass handlar om kvar produktet skal seljast, gjennom kva mellomledd (om det er nokon) og korleis produktet skal kome frå produsent til kunde.


Alle produkt blir produserte ein stad, og herifrå byrjar dei ferda si på veg til kunden. Marknadsføraren må bestemme om vara skal distribuerast direkte frå produsent til kunde eller indirekte via grossistar, detaljistar, agentar, importørar eller «franchise-takarar».

Kor mange, og kva typar mellomledd som blir brukte, vil ha konsekvensar for både pris og grad av kontroll produsenten har over produktet.

Ein marknadsførar må òg bestemme seg for om produktet skal distribuerast overalt eller berre nokre få stader. Eksklusive produkt har ofte meir avgrensa distribusjon enn masseproduserte produkt.

Ofte blir det danna kjeder av butikkar som leverer same type varer. Kjedene kan vere frivillige samanslåingar av butikkar, eller forhandlarar som samarbeider framfor å jobbe kvar for seg.

Vertikal integrasjon er når ein kjedemedlem, til dømes ein grossist, kjøper opp andre ledd i distribusjonskanalen, som til dømes detaljistar.

Horisontal integrasjon er når kanalmedlemmer på same nivå kjøper opp kvarandre. Eit døme kan vere at ein butikk kjøper ein annan butikk. Motivasjonen for slik integrasjon er gjerne både økonomisk og eit ønske om å få større kontroll over distribusjonsprosessen.

CC BY-NC-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.11.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon