Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Distribusjonsstrategi

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i tre sjølvvalde produkt, jobbe med konkurransemiddelet distribusjon.
Illustrasjonen viser korleis ein distribusjonsstrategi fungerer. Illustrasjonen viser to ulike distribusjonsformer, indirekte og direkte distribusjon. Under direkte distribusjon ser vi ein figur under som representerer kunden, som viser at ved direkte distribusjon går produkta direkte frå produsent til kunde utan noka form for mellomledd. Under indirekte distribusjon er val av distribusjonsgrad illustrert med dei tre typane intensiv, selektiv og eksklusiv distribusjon. Vidare er val av distribusjonskanal illustrert med grossist, agent, detaljist og kommisjonær som moglege mellomledd for å få produkt ut til kunden.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Vel deg ut tre produkt, og forsøk og gjere greie for korleis distribusjonsstrategien er lagd opp for produkta. Reflekter over distribusjonsform, distribusjonsgrad og distribusjonskanal for kvart av dei tre produkta.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet distribusjon