Samfunnskunnskap
Sosialisering, identitet og livsmeistring
Dette er eit emne som famnar vidt. Frå sosialisering og normer, til ulike verdiar knytte til kjønn og seksualitet, og dessutan utfordringar med grensesetjing. Du skal også reflektere over dine eigne digitale spor og korleis dei kan brukast eller misbrukast.
Sosialisering og identitet
Sosialisering handlar om korleis vi blir påverka, kva vi blir påverka av gjennom livet, og korleis dette formar oss som individ. Vi skal her sjå på sosialisering, kva for arenaer sosialisering skjer på, og diskutere kva identitet og sjølvtillit har med sosialisering å gjere.