Samfunnskunnskap
Økonomi, arbeids- og samfunnsliv
Dette emnet tar for seg korleis samfunns- og arbeidslivet vårt har endra seg, og korleis det er organisert i dag. Eit viktig omgrep i denne samanhengen er den nordiske samfunnsmodellen. Vi skal òg sjå på korleis personleg økonomi og forbruk kan påverke grupper og samfunnet.
Organisering av samfunns- og arbeidslivet
Har du ein jobb, så er du ein arbeidstakar. Den som har tilsett deg, eller er leiaren din, er arbeidsgivar. Arbeidslivet er organisert gjennom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som skal ta vare på arbeidsgivarar og interessene til arbeidstakarar når det gjeld rettar, løn og arbeidstid.