Hopp til innhald
Oppgåve

Menneskerettar og brot på menneskerettane

FNs menneskerettserklæring er universell og inneheld rettar for alle menneske i verda. Likevel skjer det stadig menneskerettsbrot i mange land i verda.

Verdserklæringa for menneskerettar. (fn.no).

Oppgåve 1

Er det nokre av punkta i menneskerettserklæringa du meiner er viktigare enn andre? Hugs å grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2

Menneskerettserklæringa artikkel 18 seier:

"Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru, og fridom til å målbere sin eigen religion eller tru gjennom undervisning, utøving, tilbeding og ritual anten aleine eller saman med andre, og offentleg eller privat."

I eit demokrati er det folkefleirtalet som bestemmer. Kan fleirtalet bestemme kva for religion du skal ha? Bruk eit par minutt på skrive ned nokon stikkord for deg sjølv, før de drøftar spørsmålet i små grupper.

Oppgåve 3

  1. Finn ut om menneskerettane blir brotne på nokre område i Noreg. Tips: Les på FN-sambandet sine sider om menneskerettar og Noreg. Sjå om du også kan finne andre kjelder.
  2. Drøft om det er akseptabelt med slike former for menneskerettsbrot.
CC BY-SA 4.0Skrive av Inga Berntsen Rudi, Gro-Anita Mortensen, Arve Hepsø og Nils Naastad.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020