Hopp til innhald
Fagartikkel

Menneskerettsbrot

Statar er forplikta til å følgje menneskerettane gjennom ulike konvensjonar. Statane skal sørgje for at innbyggjarane får oppfylt rettane sine. Gjer dei ikkje det, kan statane haldast ansvarlege for menneskerettsbrot.

Statane sitt ansvar

Det er statar som er forplikta til å følgje det som står i verdsfråsegna og dei andre menneskerettskonvensjonane til FN. Ifølgje folkeretten er statane derfor dei som skal haldast ansvarlege for brot på menneskerettane.

I FNs konvensjon for sivile og politiske rettar står det til dømes at ingen skal utsetjast for tortur, og at slaveri er forbode. Viss nokon blir torturerte eller tvinga til å jobbe i Noreg, er det det derfor eit brot på menneskerettane deira. Då har norske styresmakter ansvar for å stanse dette.

Utfordringa med dette systemet er når det er staten sjølv som utfører menneskerettsbrot. Viss staten til dømes nektar innbyggjarane sine å seie det dei meiner, eller tru på det dei vil, bryt dei menneskerettane. Men det finst ikkje noko "verdspoliti" som kan straffe staten for desse menneskerettsbrota.

Det er stor forskjell på korleis statar oppfyller menneskerettane til befolkninga si.

Menneskerettsdilemmaet

Menneskerettane er universelle og udelelege. Det betyr at dei gjeld for alle, og at det ikkje går an å velje og vrake mellom dei ulike rettane. Retten til å utøve religionen sin er i prinsippet like sterk som retten til å gå på skule.

Sjølv om det er lett å vere samd i dette, oppstår det stadig vekk dilemma og debattar knytte til menneskerettane.

Retten til å ha ei meining og ytre ho fritt, står sterkt. Dei fleste er samde om at takhøgda for ytringsfridommen skal vere høg, fordi eit samfunn som lagar reglar for kva folk kan seie og tenkje, raskt bikkar i retning av diktatur. Samtidig seier FNs konvensjon om sivile og politiske rettar at ytringsfridommen òg inneber forpliktingar og ansvar. Det kan innførast nokre avgrensingar for ytringsfridommen viss dette er nødvendig for å ta vare på andre sine rettar eller nasjonal sikkerheit.

I Noreg har vi laga ei slik avgrensing gjennom den såkalla "rasismeparagrafen" i straffelova. Han forbyr ytringar som er diskriminerande eller hatefulle overfor minoritetar. Men kva er eigentleg ei hatefull ytring? Og kvar skal grensene for dette gå?

Menneskerettar under press

Menneskerettane vart til i kjølvatnet av to brutale verdskrigar, der millionar av menneskeliv hadde gått tapt. Dei fleste var samde om at internasjonalt samarbeid, dialog og felles reglar var viktige for å unngå nye krigar. Ein kallar dette gjerne "multilateralt samarbeid" – altså samarbeid mellom fleire land. Det var med dette tankegodset i botn at menneskerettane vart til og vidare utvikla.

Dei siste åra har nasjonalistiske og autoritære krefter vakse i store delar av verda. I Europa er anti-islamske og høgreekstreme krefter på frammarsj. I Polen jobbar regjeringa aktivt for å avgrense makta til domstolane. USA har trekt seg frå fleire viktige internasjonale avtalar, som til dømes Parisavtalen om klima og atomavtalen med Iran. Brasil har valt ein høgrepopulistisk president som er negativ til homofile, og som tidlegare har uttalt at han er for diktatur. På ulike måtar jobbar desse kreftene i motsett retning av det multilaterale samarbeidet som menneskerettane er tufta på.

Når respekten for reglane som statar har vorte samde om, forsvinn, går det utover rettane til befolkninga – spesielt dei ekstra sårbare gruppene som er avhengige av at menneskerettane deira blir beskytta.

Vi må framleis kjempe for menneskerettane

Heldigvis er det mange gode døme på at folk og rørsler over heile verda protesterer mot autoritære og anti-demokratiske straumar. Utviklinga dei siste åra er ein viktig påminnar om at menneskerettane ikkje er noko vi har fått for alltid, men noko vi framleis må kjempe for. Viss autoritære leiarar får flytte grensene for kva som er greitt og ikkje greitt å gjere, er det ei skummel utvikling som alltid vil ramme dei svakaste gruppene i samfunnet hardast.

CC BY-SA 4.0Skrive av FN-sambandet. Rettshavar: FN-sambandet
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022