Hopp til innhald

Fagstoff

Tverrfaglege opplegg om sosiale forskjellar og utanforskap

Sosiale forskjellar og utanforskap er tema som er spesielt relevante i dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Her finn du ulike tverrfaglege opplegg knytte til desse temaa.

Innanfor/utanfor

Det er viktig å vere ein del av ein fellesskap. Likevel fell mange utanfor. Kva er årsakene til at nokre blir ståande utanfor, og kva kan vi gjere for å hindre det? Korleis kan vi skape ein inkluderande fellesskap med plass for alle?

Ein god fellesskap er bygd på kommunikasjon og tillit. Det betyr ikkje at alle må vere nære venner, men at alle viser kvarandre respekt og gir kvarandre rom for å vere seg sjølv. Klassen er til dømes ein viktig fellesskap for mange ungdommar.

Det motsette av fellesskap er utanforskap. Å falle ut av fellesskapen er noko av det verste som kan skje eit menneske. Det kan ha mange ulike årsaker, som til dømes fattigdom, diskriminering, mobbing, psykiske utfordringar, funksjonsnedsetjingar, og det kan få svært alvorlege konsekvensar.

I dette emnet skal du utforske og reflektere rundt korleis vi skaper inkluderande fellesskap og hindrar utanforskap. Vi har samla ulike artiklar og oppgåver frå mange ulike fag.

Innanfor/utanfor

Funksjonsmangfald

Det finst eit mangfald av ulike kroppar og eit mangfald av ulike måtar å fungere på. Men samfunnet vårt er ikkje tilpassa alle i like stor grad. Kva utfordringar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, i Noreg i dag?

Det eksisterer mange ulike former for funksjonsnedsetjingar. Funksjonsnedsetjingane kan vere synlege eller usynlege, og dei kan vere meir eller mindre alvorlege. I Noreg vil over ein femdel av befolkninga oppleve ei funksjonsnedsetjing i løpet av livet.

Mange kan vere usikre på korleis dei skal møte nokon med ei funksjonsnedsetjing. Dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, opplever ofte fordommar og ulike former for sosiale og fysisk barrierar i fritida, på skulen og i arbeidslivet.

For å skape eit inkluderande samfunn er det derfor viktig at alle får auka kunnskap om funksjonsnedsetjingar. På den måten kan vi motverke fordommar og diskriminering og skape eit meir ope og inkluderande samfunn.

I samarbeid med organisasjonen Unge funksjonshemmede har vi laga ein læringssti om funksjonsmangfald. Denne læringsstien eignar seg godt som ein introduksjon til temaet funksjonsmangfald, og han kan brukast som utgangspunkt for vidare arbeid med temaet i mange ulike fag

Funksjonsmangfald

Radikalisering, ekstremisme og terror

Etter angrepet på World Trade Center 11. september 2001 har det vore mykje fokus på muslimsk ekstremisme og høgreekstremisme. Men radikalisering, ekstremisme og terror er ikkje noko nytt.

I denne casen får du lære om ulike typar ekstremisme, jobbe med ein podkast om radikaliseringsprosessen og utforske ei sjølvvald ekstremistisk gruppe. Her finn du òg fagstoff frå samfunnskunnskap om koplinga mellom ekstremisme og terrorisme og ein artikkel frå norskfaget om korleis retorikk kan skape splid og hat.

Radikalisering, ekstremisme og terror

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2024

Læringsressursar

Sosiale forskjellar og utanforskap