Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosiale forskjellar i Noreg

Hent inn informasjon om sosiale forskjellar i Noreg i dag.
Nattbussen til Frelsesarmeen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er fleire former for sosial ulikskap eller sosiale forskjellar i Noreg. Kva for faktorar er det som bestemmer forskjellane, og kva forskjellar har vi? Du skal her hente inn informasjon om ulikskapar i Noreg. Tips: Søk til dømes etter "grunnar til fattigdom". Husk å vere kritisk til kjeldene du finn.

  1. Bruk forskjellige kjelder til å hente inn informasjon om sosiale ulikskapar i Noreg i dag.
  2. Lag eit samandrag av den informasjonen du har funne.
  3. Diskuter: kva er det som gjer at vi får sosiale forskjellar i samfunnet i dag? Er det ulikt korleis sosiale forskjellar slår ut? Tips: tenk aldersforskjellar, kulturforskjellar, klasse eller andre variablar.
  4. Diskuter forskjellige tiltak mot fattigdom.
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2020

Læringsressursar

Sosiale forskjellar og utanforskap