Kostnader i en handelsbedrift
Butikkar er handelsbedrifter, som kjøper inn varer som dei sel vidare. Kostnadene til butikken kan delast i to: kostnader knytte til innkjøp av varer (direkte kostnader) og kostnader ved å drive sjølve butikken (indirekte kostnader).
Kostnader knytte til produktet
Direkte kostnader er kostnader som er knytte direkte til kvart enkelt produkt bedrifta sel. Døme på direkte kostnader er
- innkjøpsprisen for sjølve produktet
- fraktkostnader
- transportforsikring
- toll
Kostnader knytte til bedrifta
Indirekte kostnader er kostnader i bedrifta som ikkje kan knytast direkte til eit bestemt produkt. Døme på indirekte kostnader er
- husleige
- renter på lån
- lønskostnader
- årsavgift på bilar
- sosiale kostnader som pensjonsforsikring og sosiale arrangement
Sjølvkostkalkyle
For bedrifter som skal selje produkt, er det avgjerande å tene pengar. Prisar vi produkta våre på ein måte som ikkje dekkjer kostnadene våre, vil vi fort bli nøydde til å leggje ned bedrifta. I verste fall går vi konkurs. For å berekne ein pris som dekkjer alle kostnadene, kan vi bruke ein sjølvkostkalkyle.
Innkjøpspris |
+ andre direkte kostnader |
= inntakskost |
+ indirekte kostnader |
= sjølvkost |
+ forteneste |
= salspris utan meirverdiavgift |
+ meirverdiavgift |
= salspris med meirverdiavgift |
Fagomgrep
- Direkte kostnader
- er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
- Handelsbedrift
- er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
- Indirekte kostnader
- er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
- Inntakskost
- er det det kostar å ta inn eit produkt til butikken.
- Meirverdiavgift
- er ei avgift til staten på sal av produkt.
- Produktkalkyle
- er eit oppsett av ulike kostnader og forteneste som har til føremål å berekne salsprisen for eit produkt.
- Sjølvkostkalkyle
- er ein produktkalkyle som tek med alle kostnadene, både direkte og indirekte, forteneste og meirverdiavgift. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekkjer kostnadene ved produktet.