Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn ut pris på eit blomearbeid

Lag eit blomearbeid, eller vel ut eit produkt du har laga tidlegare, og rekn ut prisen. Bruk omgrepa påslagstal, marknadspris og arbeidspengar når du kalkulerer.
Fotografi av tre små blomebukettar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Lag ei prisliste for materiala du har brukt. Bestem deg for påslagstal for kvart enkelt materiale. Dersom du ikkje har dei reelle prisane, kan du ta utgangspunkt i fiktiv innkjøpspris, oppsøkje butikkar for å sjå kva utsalspris er, eller spørje læraren din.

  2. Tel kor mykje du har brukt av kvar sort blomar, staffasje, blad og andre materiale som er brukte. For kvar materialtype multipliserer du utsalspris og tal. Dersom du har hausta materiale sjølv, må dette også prissetjast og leggjast til.

  3. Vel korleis du vil rekne arbeidspengar. Kva er vanleg der du har praksis, eller kva er vanleg for høvet du har laga produktet til?

  4. Set opp ein kalkyle for produktet ditt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod