Praktisk eksempel på ein rasjonal funksjon - Matematikk 1T-Y - DT - NDLAHopp til innhald
Oppgave
Praktisk eksempel på ein rasjonal funksjon
Oppgaven kan løses med alle hjelpemidler.
3.3.40
Morten hadde på 2000-talet eit mobilabonnement der han betaler 59 kroner i fast avgift per månad. I tillegg betaler han 0,49 kroner per minutt når han ringjer. Kostnadene per minutt for Mortens mobilbruk ein månad han ringjer minutt kan skrivast som
a) Teikn grafen til for -verdiar mellom 0 og 1400.
Vis fasit
Vi bruker kommandoen til å teikne funksjonen.
b) Kva nærmar kostnadene seg per minutt når Morten ringjer svært mykje?
Vis fasit
Når Morten ringjer svært mykje, vil den faste månadsavgifta bety svært lite, og kostnadene per minutt vil nærme seg 49 øre. Sjå linja y=0,49 .
c) Kva blir prisen per minutt dersom Morten ein månad ringjer 300 minutt?
Vis fasit
Vi skriv inn punktet (300,K(300)). Sjå punkt A på grafen. Prisen per minutt blir 69 øre når Morten ringjer 300 minutt ein månad.
d) Kor mykje må Morten ringje dersom det skal koste 60 øre per minutt?
Vis fasit
Vi teiknar linja y=0,60. Vi finn skjeringspunktet mellom denne linja og grafen til K med verktøyet "Skjering mellom to objekt". Sjå punkt B på grafen. Han må ringje 536 minutt dersom prisen per minutt skal bli 60 øre.