Debattoppgåve – vurdering av informasjon - Naturfag (IM) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Debattoppgåve – vurdering av informasjon

Ei sak kan framstillast på mange måtar ved bruk av ulike medium. Somme forfattarar kan prøve å vere så objektive som mogleg, mens andre ønskjer å verke objektive samtidig som dei argumenterer for eigne meiningar. I denne oppgåva skal du sjå på korleis aktørar fortel ulike historier om same sak.

Ulike syn på lakselus

Oppbløming av lakselus på oppdrettslaks har blitt eit heitt tema dei siste åra fordi ei auka mengd lakselus i fjordane truar vill smolt som vandrar ut frå elvane. Mange hevdar at ville laksestammer er sterkt trua, og at situasjonen er kritisk, mens oppdrettsnæringa meiner at situasjonen er meir eller mindre under kontroll.

Vurder innhaldet i kjeldene frå Norges Naturvernforbund, Mattilsynet (vel ein aktuell artikkel) og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, og diskuter følgjande spørsmål:

  • Kva for typar syn representerer desse tre kjeldene? Gir publikasjonane seg ut for å vere objektive fakta, debattinnlegg eller forskingsresultat?
  • Kva for oppgåver har dei tre organisasjonane?
  • Kva for ulike interesser har dei?
  • Kva for bodskap har dei, og korleis underbyggjer dei påstandane sine?


Vurder språk, ordbruk, bruk av bilete og eventuelt andre verkemiddel du merkar deg. Er det nokon forskjell i måten ting blir framstilte på, og kan du seie om dei forskjellige verkemidla blir brukte for å forsterke bodskapen? Vil du seie at nokre av bidragsytarane har ein skjult agenda?

Kvifor blir det så mange lakselus? Video: Sofie Vestad / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Skrive av Einar Berg.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020