Oppgave
Naturkatastrofar og media – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Naturkatastrofar og media. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.
- Kva tradisjonell kinesisk tenkjemåte er oppteken av å leve i pakt med naturen?
- Kinesiske medium kan ikkje seiast å vere særleg tilbakehaldne når det gjeld å presentere menneskelege tragediar etter naturkatastrofar. Kva trur du det kjem av?
- Under Xi Jinping har Kommunistpartiet skjerpa kontrollen over media. Korleis trur du det kan verke inn på måten media handterer naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar på?
Relatert innhald
Fagstoff
Naturkatastrofar og mediaI det gamle Kina var ein naturkatastrofe meir enn ein naturkatastrofe.