Hopp til innhald

Fagstoff

Naturkatastrofar og media

I det gamle Kina var ein naturkatastrofe meir enn ein naturkatastrofe. Det var eit teikn på at noko var galt med styresettet. Menneskeskapte katastrofar kunne vere vanskelegare å forstå, ettersom dei ofte var eit resultat av prosessar over tid.
Bil blir dyttet i oversvømt gate etter en tyfon i Fuzhou, Fujian, Kina, 2015. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonell kinesisk tenking spenner frå å ville leve i pakt med naturen til å ville temje naturen. Det er den siste haldninga som har vore dominerande i moderne tid.

Jartegn og politikk

I mars 1976 fall det ned ein stor meteor i Jílín吉林 -provinsen i Nordaust-Kina. I slutten av juli same år skjedde det mest dødelege jordskjelvet i verda i det 20. hundreåret i Tángshān 唐山nordaust for Bějīng 北京. Tradisjonelt tenkande kinesarar tolka det som eit jartegn. Vel ein månad seinare døydde Máo Zédōng 毛泽东.

I 1976 gjekk den kulturrevolusjonære perioden mot slutten. Mao sine allierte, den såkalla Firarbanden, Sìrénbāng 四人帮, som kontrollerte media, brukte jordskjelvet for alt det var verdt. Dei hevda at stilt overfor ein slik katastrofe var det viktigare enn nokon gong å ikkje miste fokuset på å kritisere Dèng Xiǎopīng 邓小平, som Firarbanden såg på som sin argaste motstandar. Eg studerte i Beijing både på den tida jordskjelvet skjedde og under det politiske oppgjeret etter at Mao døydde, og eg såg personleg at alt på den tida blei underordna politisk propaganda i media, også naturkatastrofar.

Nye tider

På dette feltet har det skjedd ei vesentleg endring. For det første blir ikkje media brukt først og fremst for å dekkje til realiteten, men blir brukt meir aktivt for å vise at styresmaktene tek ansvar for å trøyste folk når ulykka først er ute. Tilfeldigvis var eg òg i Beijing då det store jordskjelvet i Sìchuān四川-provinsen skjedde i mai 2008, og kunne observere desse endringane. Ikkje berre var TV raskt på plass og viste øydeleggingane i all si breidd, men styresmaktene sende raskt ut dåverande statsminister Wēn Jiābǎo温家宝, som tok på seg rolla som trøystande landsfader. På den meir heroiske sida viste ein korleis militære arbeidde febrilsk for å redde liv i ruinane.

For det andre blir realismen i medierapportane drege mykje lenger enn hos oss. Kinesiske medium viser meir groteske sider av menneskelege tragediar, med nærbilete av armar og bein som stikk ut av ruinar og jordmassar. Det gjorde dei òg i Sichuan. Det kan komme av at det kinesiske medielandskapet er blitt meir sensasjonsprega, men truleg meir det at terskelen for å vise slike groteske scener er lågare enn hos oss.

Kontroll – framfor alt

Dagens styresmakter vil framleis helst ha full kontroll over kva media offentleggjer. Om nokon prøver å gjere eigne undersøkingar og rapportere om det til folket, blir det problem. Også dette er Sichuan-jordskjelvet eit eksempel på. Skjelvet skjedde på dagtid, og tusenvis av skulebarn blei gravne ned i ruinane av skandaløst dårleg konstruerte skulebygningar som kollapsa på grunn av omfattande snusk i den kinesiske byggjebransjen.

Den kinesiske kunstnaren Aì Wèiwèi 艾未未 ville i ettertid dokumentere kva som hadde skjedd. Han organiserte ei såkalla borgarundersøking for å dokumentere omfanget av tragedien med skulebarna. Då han besøkte Sichuan i 2009, trengde politiet seg inn på hotellrommet han budde på og påførte han så store skadar i hovudet at han i all hast måtte opererast for det under eit påfølgande opphald i Tyskland. Seinare det same året stilte han ut ein installasjon med 9000 barneskulesekkar på Haus der Kunst i München. Installasjonen var forma som ein mosaikk av skulesekkar og danna innskrifta «Ho levde lykkeleg her på jorda i sju år» – Tā zài zhèige shìjièshàng xìngfú shēnghuóle qī nián 她在这个世界上幸福 生活了七年 – som var ei mor sine avskjedsord til den døde dottera.

Skadet hus etter tyfonen Vamco traff Lingshui Ethnic Li Atonomous County, Hainan, 4. september 2015. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Truslane ved internett

Internett har ført til ei grunnleggjade endring av informasjonsflyten i Kina, noko offisielle medium har måtta ta høgd for. Det begynte allereie med SARS-epidemien i 2002–2003. Kinesiske helsestyresmakter vegra seg i fleire månader før dei varsla resten av verda om epidemien, trass i at informasjon om epidemien tidleg begynte å sirkulere i den kinesiske nettverda.

Også med tanke på menneskeskapte katastrofar har internett spelt ei stor rolle når det gjeld å endre mediestraumen. Eit godt eksempel på det er ei togulykke som involverte to lyntog på ein viadukt nær Wénzhōu 温州 i det søraustlege Kina i 2011. 40 personar omkom, og 200 blei såra. Sjølv om ein visestatsminister blei send til staden for å leie redningsarbeidet, prøvde styresmaktene både å dysse ned ulykka og å avgrense media sin tilgang. Det førte til sterke reaksjonar frå publikum, som delte bilete og filmsnuttar av katastrofen. Styresmaktene har derimot òg blitt flinke til å bruke internett og er no oftare først ute med å leggje ut sin versjon av naturkatastrofar og ulykker på nettet.

Jordras uti Daning-elva i Wushan county, Chongqing, Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mennesket og naturen

I tradisjonelle kinesiske landskapsmåleri ser vi ikkje mange spor av menneskeleg aktivitet. Men i praksis har kinesarane vore mest opptekne av å temje naturen, særleg alt som har med vatn å gjere. Det har gitt imponerande resultat opp gjennom historia. I moderne tid har det blitt knytt til ein framskrittsoptimisme som til tider har fortona seg heilt blind. Som eksempel kan vi nemne det utopiske overmotet som rådde under «Det store spranget framover», Dà yuè jìn 大跃进, frå 1958 til 1961, som resulterte i at minst 30 millionar menneske døydde av underernæring og svolt.

I dag har kinesarane så vidt begynt å betale tilbake for den enorme miljøbelastinga nærmare 40 år med spektakulær utvikling har ført med seg. Menneskeskapte katastrofar er synlege overalt, både lufta, jorda og vatnet er forureina. Men naturen slår tilbake og forsterkar verknadene. Her har kinesisk media nok å ta fatt i. Kanskje burde dei kikke litt oftare på tradisjonelle kinesiske landskapsmåleri og reflektere litt over kva dei eigentleg ser.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Leksjon 12: Nyhende