Hopp til innhald

Fagstoff

Sport og helse i Kina

I det gamle Kina finn vi spel og leikar med militært opphav, som bogeskyting, bryting, fekting og stridsvognrace. Men også meir sivilt prega spel og leikar, som fotball, golf og polo.
Kinesiske studenter trener fotballferdigheter foran et kinesisk tegn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Polo kom til Kina via nordlege nomadar i det femte hundreåret. Frå Tang-dynastiet finst det flotte skulpturar av kvinner som speler polo.

Under Song-dynastiet (960–1279) blei militære tradisjonar, eller , svekte til fordel for eit meir sivilt styresett – wén . Den sivile embetsmannskulturen la større vekt på moralsk kultivering. «Ein herremann rører munnen, og ikkje handa», eller Jūnzi dòng kǒu, bú dòng shǒu 君子动口,不动手, som det heitte. Ein del tradisjonelle ballspel forsvann. Det var òg på denne tida at skikken med å binde føtene til kvinner begynte å spreie seg, noko som var typisk for den samfunnsmessige tenkjemåten på den tida.

Under Ming-dynastiet (1368–1644) blei det utvikla ulike former for kampsport, som tàijí 太极, wǔshù 武术 og gōngfu 功夫. Felles for dei er at det er like viktig å leggje vekt på mental styrke som fysisk utfalding. I den nyare skrivemåten «kung-fu» er gōngfu blitt brukt som eit populært namn på meir ekspressive former for wǔshù, «stridskunstar».

Eldre kinesisk mann trener Kung Fu med sverd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjellige vestlege påverknader

Moderne sportslege sysler frå Vesten kom til Kina i to omgangar. Første gong rundt det førre hundreårsskiftet, inspirert av KFUM (Kristelig forening for unge menn), som hadde slått rot i Kina gjennom vestlege misjonærar som heldt til der. Dette var i dei siste åra av keisartida, då Kina nedsetjande blei kalla «Asias sjuke mann». Samfunnsengasjerte kinesarar på den tida hadde eitt overordna mål: å redde og aller helst styrkje landet, mellom anna gjennom fysisk fostring. Ordet for fysisk fostring på kinesisk er tǐyù 体育, som er ei nyskaping som først blei til på japansk, taiiku.

Det var likevel få av dei intellektuelle som meinte at fysisk fostring var viktig for å nå dette målet. Ein av dei som likevel tok til orde for det, var den unge Máo Zédōng 毛泽东. I ein artikkel frå 1917 i tidsskriftet Ny ungdom, Xīn qīngnián 新青年, som hadde stor innverknad blant folket, tok han opp temaet fysisk fostring og kva det hadde å seie for fedrelandet.

Kropp og sjel

Vestlege oppfatningar av korleis kinesarane tradisjonelt tenkte om fysisk fostring, gjekk i stor grad på haldningar blant den kinesiske eliten. Ein oversåg det faktumet at det fanst meir folkelege tradisjonar, som wǔshù, tàijí og qìgōng, der det fysiske og det mentale heng tett saman. Desse tradisjonane har sidan slutten av 1980-talet hatt ein brei renessanse i Kina og blir kalla for yǎng shēng 养生. Direkte omsett tyder det «å fostre livet».

Den andre inspirasjonen til moderne sportslege sysler kom frå Sovjetunionen, etter at folkerepublikken blei oppretta i 1949. Idretten skulle tene to politiske mål, nemleg å byggje opp helsa til folket for å styrkje nasjonen og å vise at det sosialistiske systemet var overlegent andre samfunnssystem. I Kina resulterte det i at det blei lagt vekt på masseidrett, eller qúnzhòng tǐyù 群众体育, men òg i at den kinesiske staten la til rette for å utvikle idrettsbroilarar, noko dei framleis driv med.

Unge mennesker på stasjonære sykler som trener i treningssenter Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå «Vennskap først …» til kroppskultur

Under den siste delen av Mao-tida blei konkurranseaspektet tona ned, og slagordet på den tida var Yǒuyì dìyī, bǐsài dì èr 友谊第一比赛第二 – «Vennskap først, deretter konkurranse.» Utanlandske studentar i Kina spøkte med denne haldninga og lanserte slagordet: Yǒuyì dìyī, jiéhūn dì èr 友谊第一, 结婚第二 – «Vennskap først, deretter ekteskap» – noko som i praksis var forbode på den tida.

Den kulturrevolusjonære haldninga til idrett endra seg raskt då dei økonomiske og politiske reformene skaut fart på 80-talet. Masseidretten hamna meir i bakgrunnen, og konkurranse – jìngzhēng 竞争 – blei sentralt både i idretten og i samfunnet elles. Dei siste 20–30 åra har idretten blitt meir prega av den forbruksfokuserte kulturen som har vakse fram. I dag er det svært populært med ulike former for jiànshēn 健身 – livsstilsbasert personleg kroppskultur.

Frå «ping-pong-diplomati» til olympiske leikar

I 1971 spelte idrett ei nøkkelrolle når det gjaldt å opne forholdet mellom Kina og USA, ettersom Mao sjølv lét det amerikanske bordtennislandslaget få komme på besøk til Kina. Det var starten på det såkalla ping-pong-diplomatiet. Det bidrog til at Kina same haust blei medlem av FN, det vil seie overtok plassen til Taiwan.

Kina si haldning til Dei olympiske leikane var lenge dominert av forholdet til Taiwan og den vaklande haldninga til Den internasjonale olympiske komiteen. Frå 1958 til 1979 boikotta Kina OL. Men under OL i Los Angeles i 1984 tok Kina den første gullmedaljen, og sidan har det gått slag i slag.

To kvinner speler på lag i bordtennis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

OL-programmet består berre av to idrettsaktivitetar som er av ikkje-vestleg opphav, nemleg judo (frå 1964 i Tokyo), taekwondo (frå 1988 i Seoul). Sidan 80-talet har kinesiske idrettsstyresmakter prøvd å få wǔshù godkjend som ein idrett i olympisk samanheng, men har så langt ikkje fått gehør hos Den internasjonale olympiske komiteen.

Eit nytt kapittel blei skrive då Kina blei tildelt Dei olympiske sommarleikane i 2008, og dette blir vidareført no som Kina skal arrangere Dei olympiske vinterleikane i 2022.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Idrett