Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 10

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Å vere gjest.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Komplekse retningskomplement

小花的妈妈走过来。Xiǎohuā de māma zǒuguòlái.

走过来 zǒuguòlái er eit verbuttrykk som består av hovudverb + samansett retningskomplement, som vi var innom i leksjon 7, pkt. 7. tyder vanlegvis «å krysse (noko)», men kan òg, slik som her, tyde at noko/nokon rett og slett kryssar ein viss avstand. lái indikerer som kjent at rørsla skjer i retning mot den som taler, ikkje vekk frå vedkomande (då ville ein i så fall ha sagt 走过去 zǒuguòqù i staden). Hugs at 过去 guòqù og 过来 guòlái òg kan brukast som sjølvstendige verbuttrykk, som for eksempel her: 他什么时候过来? Tā shénme shíhou guòlái? – «Når kjem han bortom?» (til staden du er på, osv.), 你什么时候过去? Nǐ shénme shíhou guòqù? – «Når stikk du bort?» (til ein kamerat, osv.)

2. Resultative komplement

刚才我就跟小花爸爸说闻到了饭菜的香味…

Gāngcái wǒ jiù gēn Xiǎohuā bàba shuō wéndào le fàncài de xiāngwèi ...

Merk at fleire verb på kinesisk, som kàn – «å kikke» (ikkje «å sjå») – zhǎo – «å leite» (ikkje «å finne») – og i dette tilfellet wén – «å lukte» – må ha det resultative komplementet dào etter seg for å uttrykkje den same tydinga som der vi heller ville ha sagt «å sjå» og «å finne» på norsk, altså det (som oftast) positive sluttresultatet av prosessen «å kikke» eller «å leite». På norsk kan «å lukte» tyde både det at ein bruker nasen til å prøve å oppdage ei lukt (kinesisk: wén), men òg det at ein faktisk luktar noko, at luktesansen registrerer noko (kinesisk: 闻到 wéndào). I lista under finn du nokre viktige eksempel:


0; 你别看!

看到
0; 我看到他了。

Nǐ bié kàn!

Wǒ kàndào tā le.

«Ikkje kik!»

«Eg fekk auge på han.»


0; 他不听我话。

听到
0; 不好意思,没听到。

Tā bù tīng wǒ huà.

Bù hǎo yìsi, méi tīngdào.

«Han lyttar ikkje til meg.»

«Beklagar, eg fekk det ikkje med meg.»


0; 你找了你的手机吗?

找到
0; 你找到了你的手机吗?

Nǐ zhǎo le nǐde shǒujī ma?

Nǐ Zhǎodào le nǐde shǒujī ma?

«Har du leitt etter mobilen din?»

«Har du funne mobilen din?»

*
0; 我不买。

买到
0; 我买到了我要的!

Wǒ bù mǎi.

Wǒ mǎidào le wǒ yào de!

«Eg kjøper (han) ikkje.»

«Eg fekk tak i den eg ville ha!»


0; 给你猜!

猜到
0; 哈,我猜到了!

Gěi nǐ cāi!

Hā, wǒ cāidào le!

«Gjett, då!»

«Ha, eg gjetta det (rett)!»

*Merk kontrasten mellom mǎi – «kjøpe» – og 买到 mǎidào – «lykkast i å få tak i noko ein ville kjøpe».

3. Durativt aspekt

I setning nr. 2 under har vi eit eksempel på at aspektpartikkelen zhe, som vanlegvis kjem etter verb for å uttrykkje eit durativt aspekt (at ei handling eller ein tilstand held på), blir brukt på ein litt annan måte. Der blir han nemleg brukt for å uttrykkje at handling B (og C) blir utført mens handling A (som har ) held på. I setning nr. 1 bruker vi derimot máng – «å vere oppteken med» – som eit handlingsverb etterfølgt av partikkelen som uttrykkjer durativt aspekt. Samanlikn:

1. 我忙着做饭呢,一会儿一起吃饭。


Wǒ mángzhe zuòfàn ne, yíhuìr yìqǐ chīfàn


«Eg er oppteken med å lage mat no, vi et i lag om litt.»



2. 你们先坐着喝茶,聊天,饭马上就好了。


Nǐmen xiān zuòzhe hēchá, liáotiān, fàn mǎshàng jiù hǎo le.




0; 坐着喝茶,聊天


zuòzhe hēchá, liáotiān


«drikke te (handl. B) og småprate (handl. C) mens ein sit (handl. A)»



«De småpratar litt og drikk te mens de sit, maten er straks klar.»

Andre eksempel:

他们常常在那儿坐着聊天。
Tāmen chángcháng zài nàr zuòzhe liáotiān.
«De småpratar ofte mens de sit der.»

我们站着说话吧。
Wǒmen zhànzhe shuōhuà ba.
«Lat oss stå og snakke.»

不要躺着看书!
Bú yào tǎngzhe kànshū!
«Ikkje les mens du ligg!»

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 10: Å vere gjest