Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuing til leksjon 10

En kinesisk familie smaker på mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

第十课:去中国人的家庭做客
准备

Dette bør du kjenne til på førehand:

  • korleis du bestiller mat
  • korleis du snakkar om kva matrettar du liker og ikkje liker
  • korleis du oppgir retninga på ei rørsle
  • korleis du uttrykkjer resultatet av ei handling

Dette skal du lære:

Kommunikasjon

  • å ønskje velkommen og ta deg av gjester
  • å gi kompliment til kokken
  • å snakke om korleis mat luktar og smakar
  • å snakke om kva type mat du liker og ikkje liker
  • å utbringe ein skål
  • å uttrykkje takksemd for å ha blitt invitert
  • å uttrykkje at éi handling blir utført mens ei anna held på
  • å uttrykkje eit positivt sluttresultat av ei handling

Språk, samfunn og kultur

  • kinesisk matkultur (2)

Før du startar, skal du tenkje gjennom dette:

  • Korleis vil du beskrive eit middagsbesøk hos ein venn i Noreg?
  • I kva grad gir vi kompliment til den som lagar maten, i Noreg?

Relatert innhald

Lær kva du seier når du blir invitert på middag hos ein kinesisk familie.

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 10: Å vere gjest