WeChat – munnlege ferdigheiter - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
WeChat – munnlege ferdigheiter

Introduksjon

I denne læringsstien skal du trene opp ferdigheitene dine i å lytte til, tale og samtale på kinesisk i samband med temaet sosiale media.

Når du har har arbeidd deg gjennom denne læringsstien, skal du

  • forstå ukjende munnlege tekstar knytte til temaet sosiale media
  • kunne snakke om sosiale media
  • kunne snakke om å installere appar på mobilen
  • kunne snakke om funksjonane til ein app
  • kunne introdusere nokon for nokon
  • kunne seie at noko skjedde i stad
  • kunne uttrykkje at ei handling nettopp er avslutta
  • kunne uttrykkje om du er i stand til å oppnå eit ønskt resultat av ei handling
  • kunne kome med vilkårsavhengige utsegner av typen «så lenge ...»