Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 7

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen På date.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 是…的 shì … de

I setninga over har vi nok eit eksempel på bruk av 是…的 shì … de-konstruksjonen, som vi bruker når vi vil setje fokus på eit gitt element av setninga. I dette tilfellet er det kven som gav noko til nokon, og omsetjinga blir «Var det du som gav nummeret mitt til han?». Samanlikn med tilsvarande setning utan 是…的 shì … de-konstruksjonen:

我的号码你给他吗?

«Nummeret mitt, gir du det til han?»

我的号码是你给他的吗?

«Nummeret mitt, var det du som gav* det til han?»

I setninga utan 是…的 shì … de ser vi at fokuset er på om noko blir gjort eller ikkje. I setninga med 是…的 shì… de blir sett inn rett framfor det som er fokuset i setninga, og legg i dette tilfellet vekt på kven som gir noko til kven. Samanlikn:

我的号码是你给他的吗?

«Nummeret mitt, var det DU som gav det til han?»

你的号码是我给他的吗?

«Nummeret mitt, var det EG som gav det til han?»

*Merk at denne konstruksjonen som regel blir brukt ved handlingar som allereie er utførte.

是…的 shì… de-konstruksjonen har relativt få avgrensingar når det gjeld kva kan setjast inn framfor, så lenge setninga tillèt det logisk sett. Samanlikn eksempla under*:

我是昨天早上十点在学校学中文的。

«Eg studerte kinesisk på skulen i går morgon klokka ti.»

我昨天是早上十点在学校学中文的。

«Det var i går klokka ti på morgonen at eg studerte kinesisk på skulen.»

我昨天是早上十点在学校学中文的。

«Det var på morgonen klokka ti at eg studerte kinesisk på skulen i går.»

我昨天早上是十点在学校学中文的。

«Det var klokka ti at eg studerte kinesisk på skulen i går.»

我昨天早上十点是在学校学中文的。

«Det var på skulen at eg studerte kinesisk klokka ti i går morgon.»

我昨天早上十点在学校是学中文的。

«Det var kinesisk eg studerte på skulen klokka ti i går morgon.»

*Legg merke til at variasjonen i norsk syntaks er nødvendig for å reflektere kinesisken mest mogleg naturleg.

2. Subjekt-predikat som attributt

我们去了大学旁边的一家他推荐的日本餐厅。


Wǒmen qù le dàxué pángbiān de yì jiā tā tuījiàn de Rìběn cāntīng.



推荐

日本餐厅

tuījiàn

de

Rìběn cāntīng

subjekt

verb

(markør)

attributt

kjerne


«Restauranten som han tilrår.»

Som vi ser kan subjekt-predikat-konstruksjonar fungere i rolla som attributt i kinesiske nominalfrasar. Setningar som vi på norsk kallar relativsetningar (eller «som-setningar»), av typen «songaren (som) eg liker», blir uttrykte på kinesisk som nominalfrasar. Beskrivinga kjem altså framfor nomenet som blir modifisert, og ikkje bak. Samanlikn:

喜欢

歌手

«Songarar som eg liker.»

xǐhuan

de

gēshǒu

(subjekt)

(predikat)

ATTRIBUTT

KJERNE

喜欢

歌手

«Eg liker songarar.»

xǐhuan

gēshǒu

SUBJEKT

PRE-

-DI-

-KAT

3. Koverb som komplement

没想到他那么快就打电话给你了。
Méi xiǎngdào tā nàme kuài jiù dǎ diànhuà gěi nǐ le.

Koverbet gěi – «til» er litt spesielt fordi det kan vere både adverbial og (mål-)komplement utan noka endring i tyding. Samanlikn:

我给你打电话。Wǒ gěi nǐ dǎ diànhuà.

OG

我打电话给你。 Wǒ dǎ diànhuà gěi nǐ. = «Eg ringjer til deg.»

Vanlegvis bruker vi koverbkonstruksjonar framfor eller bak verb, alt etter tydinga:

在桌子上跳。Zài zhuōzishàng tiào. – «Å hoppe på bordet.»

Subjektet er på bordet når det hoppar. Ein er oppå bordet når ein hoppar.

跳在桌子上。Tiào zài zhuōzishàng. – «Å hoppe opp på bordet.»

Subjektet endar opp på bordet ved å hoppe opp dit. Ein endar opp på bordet som ein konsekvens av hoppet.

Vi skil mellom kvar subjektet er når verbhandlinga blir utført, og kvar subjektet endar opp som følgje av verbhandlinga, ved hjelp av høvesvis preplassering (adverbial) og postplassering (komplement) av koverbskonstruksjonen i forhold til verbet.

4. Inklusjon og eksklusjon

你是怎么跟他说的?你怎么*什么都没有跟我说呢!
Nǐ shì zěnme gēn tā shuō de? Nǐ zěnme shénme dōu méi yǒu gēn wǒ shuō ne!
«Korleis var det du sa det til han? Korleis kan det ha seg at du ikkje sa noko til meg!»

Vi bruker konstruksjonane under når vi vil uttrykkje at alt (av noko) er inkludert eller ekskludert. Samanlikn:

1. 什么都 / 也

我什么都喜欢。

«Eg liker alt.»

shénme dōu/yě

Wǒ shénme dōu xǐhuan.

我什么也不要。

«Eg vil ikkje ha noko.»

Wǒ shénme yě bú yào.

Eksempel med eksplisitt nomen:


什么音乐都 / 也

我什么音乐都喜欢。

«Eg liker all musikk.»

shénme yīnyuè dōu/yě

Wǒ shénme yīnyuè dōu xǐhuan.

2. 谁都 / 也

他谁都认识。

«Han kjenner alle.»

shéi dōu/yě

Tā shéi dōu rènshi.

他谁也不喜欢。

«Han liker ingen.»

Tā shéi yě bù xǐhuan.

3. 哪儿都 / 也

你哪儿都想去。

«Du vil dra alle plassar.»

nǎr dōu/yě

Nǐ nǎr dōu xiǎng qù.

你哪儿也没去过。

«Du har ikkje vore nokon plassar.»

Nǐ nǎr yě méi qùguo.

4. nǎ + målord, f.eks.:

我哪辆车都喜欢。

«Eg liker kvar av (dei gitte) bilane.»

Wǒ nǎ liàng chē dōu xǐhuan.

Samanlikn med:

我什么车都喜欢。

«Eg liker alle (all slags) bilar.»

Wǒ shénme chē dōu xǐhuan.

Spørjepronomena i 1, 2 og 3 i desse konstruksjonane (saman med 都 / 也) har inga spørjande tyding, men markerer ei inkludering/ekskludering, avhengig av om bù eller méi er til stades i andre ledd eller ikkje.

*Merk bruken av 是…的 shì … de-konstruksjonen i 你是怎么跟他说的? Nǐ shì zěnme gēn tā shuō de? I tillegg er bruken av 怎么 zěnme («korleis») i 你怎么什么都没有跟我说呢! Nǐ zěnme shénme dōu méi yǒu gēn wǒ shuō ne! ikkje meint å skulle forståast konkret, men retorisk (omtrent som «kvifor»): «Korleis kan det ha seg at …?» / «Kvifor …?». 怎么 zěnme i tydinga «kvifor» blir som regel brukt når ein er (vanlegvis negativt) overraska.

5. 后来 hòulái

后来怎么样了呢? Hòulái zěnmeyàng le ne?

后来 hòulái tyder «etterpå» eller «deretter» på kinesisk, men til forskjell frå 以后 yǐhòu blir det brukt om noko som skjedde etter noko anna i fortida. Samanlikn:

我工作了两年,后来开始读书。
Wǒ gōngzuò le liǎng nián, hòulái kāishǐ dúshū.
«Eg jobba i to år og begynte deretter å studere.»

我工作了两年以后要开始读书。
Wǒ gōngzuò le liǎng nián yǐhòu yào kāishǐ dúshū.
«Etter at eg har jobba i to år, skal eg begynne å studere.»

后来 hòulái blir berre brukt til å beskrive sekvensen av handlingar/hendingar som allereie er utførte / har skjedd. I setninga 后来怎么样了呢? Hòulái zěnmeyàng le ne? blir det derfor spurt «Kva skjedde så?» fordi lyttaren lurer på kva som skjedde etter noko anna. Men alt tilhøyrer fortida.

6. 正好 zhèngyào

他晚上送我回家,正要说再见的时候,他突然拥抱了我,好尴尬!
Tā wǎnshang sòng wǒ huíjiā, zhèngyào shuō zàijiàn de shíhou, tā tūrán yōngbào le wǒ, hǎo gāngà!

正要说再见的时候 zhèngyào shuō zàijiàn de shíhou = «idet vi skulle ta farvel».

Vi kjenner bruken av zhèng frå tidlegare uttrykk som 正在 zhèngzài i for eksempel 我正在洗澡。 Wǒ zhèngzài xǐzǎo. – «Eg dusjar akkurat no.» 正在 zhèngzài uttrykkjer at ein utfører ei verbhandling akkurat no (derav zài – «på»/«i»: at ein akkurat i denne augneblinken gjer noko). 正要 zhèngyào blir brukt til å uttrykkje at ein akkurat no er i ferd med å gjere noko (derav yào – «skal i neste augneblink gjere noko»). 正要 zhèngyào kan brukast både om fortid og framtid. Samanlikn:

我正要回家。Wǒ zhèngyào huíjiā. – «Eg er (akkurat) i ferd med å dra heim (no).»

我正要回家的时候,他来找我聊天。 Wǒ zhèngyào huíjiā de shíhou, tā lái zhǎo wǒ liáotiān. – «Akkurat idet eg var i ferd med å dra heim, kom han for å prate med meg.»

7. Komplekse retningskomplement

我就说”谢谢送我回家”,然后就马上跑进房子去了。


Wǒ jiù shuō xièxie sòng wǒ huíjiā, ránhòu jiù mǎshàng pǎojìn fángzi qù le.


«Eg sa berre 'takk for at du følgde meg heim', og så sprang eg rett inn i huset.»

Det finst to typar retningskomplement:

Enkle, som i 回来 huílai. Her er lái det enkle retningskomplementet til verbet huí.
Doble, som i 跑回来 pǎohuílai. Her er 回来 huílai det komplekse retningskomplementet til verbet pǎo.* Samanlikn:

1.

2.

3.

4.

进去

进来

进房子去

走进房子去

jìn

jìnqù

«dra inn»

jìnlái

«komme inn»

jìn fángzi qù

zǒujìn fángzi qù

出去

出来

出机场来

跑出机场来

chū

chūqù

«dra ut»

chūlái

«komme ut»

chū jīchǎng lái

pǎochū jīchǎng lái

上去

上来

上楼去

拿上楼去

shàng

shàngqù

«dra opp»

shànglái

«komme opp»

shànglóu qù

náshàng lóu qù

下去

下来

下楼梯来

送下楼来

xià

xiàqù

«dra ned»

xiàlái

«komme ned»

xià lóutī lái

sòngxià lóu lái

回去

回来

回北京去

带回北京去

huí

huíqù

«dra tilbake»

huílai

«komme tilbake»

huí Běijīng qù

dàihuí Běijīng qù

I 进房子去 jìn fángzi qù er jìn hovudverbet og qù eit enkelt retningskomplement (kan òg vere lái). I 跑进房子 pǎojìn fángzi er pǎo hovudverbet og 进去 jìnqù eit dobbelt retningskomplement. Sidan objektet her, 房子 fángzi, er ein plass, må det stå mellom dei to elementa i det doble retningskomplementet. Viss eit verb berre har eitt enkelt retningskomplement, kjem plassobjektet framfor det enkle retningskomplementet, for eksempel slik:

回家去 huíjiā qù – «returnere heim»
进房间来 jìn fángjiān lái – «gå inn i rommet», osv.

*Som vi ser kan for eksempel huí både ha rolla som hovudverb og som ein del av eit komplement, der det då er underordna eit anna verb som har rolla som hovudverb. Det er det relative forholdet mellom orda på kinesisk som uttrykkjer funksjonen dei har i forhold til kvarandre, og dermed òg tydinga som blir uttrykt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 7: På date