Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuing til leksjon 7

Par som ser på mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

第七课:约会
准备

Dette bør du kjenne til på førehand:

  • korleis du uttrykkjer at noko skjedde etter noko anna
  • korleis du uttrykkjer ei erfart handling
  • korleis du uttrykkjer ei avslutta handling
  • korleis du uttrykkjer at noko skjer akkurat no
  • korleis du oppgir retninga på ei rørsle

Dette skal du lære:

Kommunikasjon

  • å invitere nokon på date
  • å fortelje at du er interessert i å bli kjend med nokon
  • å akseptere og avslå ein invitasjon
  • å fortelje om hendingsforløpet på ein date
  • å seie kva du tykkjer om personlegdomen til nokon
  • å forklare kvifor eller kvifor ikkje du vil treffe nokon att
  • å setje fokus på forskjellige element i ei setning
  • å bruke spørjeord til å uttrykkje at alt (av noko) er inkludert
  • å bruke komplekse retningskomplement til å oppgi retninga på ei rørsle

Språk, samfunn og kultur

  • dating i Kina

Før du startar, skal du tenkje gjennom dette:

  • Korleis føregår ein date i Noreg?
  • I kor stor grad er foreldre involverte i valet av ektefelle i Noreg?
  • Korleis trur du foreldre er involverte i valet av ektefelle i Kina?

Relatert innhald

Dette må du kunne på kinesisk når du skal gå på date.

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Leksjon 7: På date