Tradisjonell kinesisk medisin - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tradisjonell kinesisk medisin

Etter at vestleg medisin, xī yī 西医, blei innført, fekk det som i Kina tradisjonelt blei kalla «medisin», yī 医, namnet «kinesisk medisin», zhōng yī 中医. Møtet med vestleg medisin utfordra dei tradisjonelle utøvarane og førte til radikale endringar i tradisjonelle behandlingsformer.

Etter at folkerepublikken blei oppretta, har ein modernisert og strigla versjon av kinesisk medisin fått ei viktig rolle i helsevesenet.

Mange sjukehus gir behandling innanfor tre ulike medisinske system – vestleg medisin, tradisjonell kinesisk medisin og integrert medisin (ein kombinasjon av vestleg og kinesisk medisin). Tradisjonell kinesisk medisin er òg blitt ei populær eksportvare. Behandlingsformer som er av kinesisk opphav, særleg akupunktur, har blitt tekne i bruk både i USA, Europa, Afrika og Sør-Amerika.

Historisk riss

Legekunsten er gammal i Kina, noko eit sitat frå Konfutses Samtalar, Lúnyǔ 论语, frå det 5. hundreåret fvt. vitnar om: «Meisteren sa ‘Folk i sør seier det slik at om ein mann ikkje er bestandig, kan han verken vere magikar eller lege’. Godt sagt!» (Zǐ yuē: nán rén yǒu yán yuē, rén ér wú héng, bù kě yǐ zuò wū yī, shàn fú. 子曰、南人有言曰、人而无恒、不可以作巫医、善夫。) Utsegnet viser at det allereie då blei skilt mellom magisk verksemd og legekunst, sjølv om dei nok òg lånte frå kvarandre.

Den sentrale klassiske teksten innan kinesisk medisinsk tradisjon er Den indre klassikaren til den gule keisaren, Huángdì néijīng 黄帝内经. Dette er eit samansett verk som blei til over ein lengre periode før og etter starten av vår tidsrekning. Teksten er forma som dialogar mellom den mytologiske Gule keisar, Huángdì 黄帝, og ministarane hans og dekkjer alle dei viktige felta innan klassisk kinesisk medisin, inkludert akupunktur. Verket fekk den endelege forma då det blei revidert i det ellevte hundreåret.

Tradisjonelt innebar alt som var nèi , «det indre», i medisinsk samanheng det fysiske og naturlege, mens alt som var wài , «det ytre», dreidde seg om magisk-religiøs verksemd. No i moderne tid tyder nèikē 内科 indremedisin og generell medisin, mens wàikē 外科 tyder overflatemedisin, medrekna kirurgi ( tyder «avdeling», «kategori»).

Ein kjend medisinar i det gamle Kina var Huà Tuó 华佗 (ca. 140–207). Han var berømt allereie på si tid, og han blei etter kvart opphøgd til medisinsk gud. Han utvikla metodar for anestesi og brukte både akupunktur, moxabrenning og urtemedisin.

Sentrale omgrep

Kinesisk medisin er nært knytt til sentrale førestillingar innan tradisjonell kinesisk tenking. Det gjeld særleg førestillinga om , som finst både i naturen og i mennesket. Men det gjeld òg førestillinga om det dualistiske (tosidige) forholdet mellom yīn og yáng samt dei såkalla fem prosessane, eller wǔ xíng 五行, som påverkar og dominerer kvarandre. Alle desse elementa blei etter kvart tolka som at dei stod i komplekse forhold til kvarandre, det som blir kalla korrelativ tenking.

kan medisinsk sett omsetjast med «livsenergi». Både natur og organisk liv var avhengig av denne livskrafta som ein trudde på. Symptom blei knytte til forskjellige problem med . På den andre sida kunne ein auke sin ved å bli god i kroppslege og meditative ferdigheiter kalla qìgōng 气功, der gōng tyder «ferdigheiter».

Yīn og yáng er to relasjonelle krefter som verkar både i naturen (som mørk og lys, tørr og fuktig, osv.) og i mennesket (det kvinnelege og det mannlege, varmt og kaldt, for lite og for mykje, det indre og det ytre, osv.). Viss det er ubalanse mellom dei, får det negative følgjer for den fysiske og mentale tilstanden vår. Behandlinga går dermed ut på å gjenopprette balansen mellom desse. Opp gjennom tidene har det oppstått komplekse førestillingar om kva som er yīn, og kva som er yáng, i menneskekroppen.

Tradisjonell kinesisk tenking har vore prega av «dei fem prosessane», wǔ xíng 五行, der elementa vatn – shuǐ – eld – huǒ – tre – – metall – jīn – og jord – påverkar og dominerer kvarandre. Det blei utvikla teoriar om komplekse interne og eksterne samanhengar spesielt mellom dei fem prosessane og yīn og yáng. Dette har òg prega tradisjonell medisin og har vore grunnlaget for å hevde at kinesisk medisin er meir holistisk (heilskapleg) enn meir analytisk basert medisin.

Daoistisk-inspirerte tradisjonar

Oldtidas magikarar utvikla seg til såkalla metodemeistrar, fāngshì 方士, spesialistar i forskjellige esoteriske (innovervende) ferdigheiter. Dette blei etter kvart inkorporert i den folkeleg-religiøse daoismen, dàojiào 道教, i form av alkemisk (eig. «å omvandle metall») verksemd. Den mest kjende daoistiske metodemeisteren var Gě Hóng 葛洪 (283–343), som òg hadde gode litterære ferdigheiter. Den mest kjende skrifta hans er Bǎopǔzǐ 抱朴子, eller «Meisteren som omfamnar det enkle.»

Denne daoistisk-inspirerte verksemda tok to former, wàidān 外丹 – eller «ytre alkymi» – og nèidān 内丹 – «indre alkymi». Den ytre alkymien gjekk ut på å utvikle livseliksirar som kunne forlengje livet og ideelt sett gjere ein udødeleg. (Dān tyder eigentleg sulfidaktig raudfarge. Kvikksølv, som var eit ettertrakta middel i søkenen etter udødelegheit, blei ofte utvunne frå sulfid.) Den indre alkymien var fysiologisk basert og bestod av pusteøvingar, gymnastiske øvingar, meditative øvingar og seksuelle øvingar. Med omsyn til det sistnemnde gjaldt det for mannen å ikkje få utløysing, ettersom han då ville miste mykje av sin . Samtidig gjaldt det å trekkje så mykje som mogleg ut av kvinna gjennom samleiet.

Ein rik farmakopé (legemiddelbeskrivingar)

Tradisjonell kinesisk medisin har mange andre interessante trekk, mellom anna at ein stiller ein diagnose ved å kjenne på pulsen, og ein rik farmakopé. Den mest omfattande samlinga av tradisjonelle kinesiske legemiddel, Běncǎo gāngmù 本草纲目 – «Kompendium over medisinske substansar» – blei utarbeidd av medisinaren og vitskapsmannen Lǐ Shízhēn 李時珍 i 1578. Ho beskriv 1892 planter, dyr, mineral og anna som var kjent for å ha effekt i medisinsk behandling.

Medisinsk verksemd og utdanning var privat fram til tidleg i Tang-dynastiet (618–907). Rundt 625 blei det derimot oppretta eit keisarleg medisinsk akademi, og dette skulle få mykje å seie for både profesjonalisering og publisering. Under Det nordlege Song-dynastiet (960–1127) hadde alkymien utvikla seg så mykje at ein hadde begynt å forstå at livsprosessar hang saman med kjemiske prosessar. Kinesisk medisin utvikla seg med andre ord forholdsvis tidleg utover det magisk-religiøse, men erfaringane blei tolka i tradisjonelle, i beste fall pseudovitskaplege, forståingsformer.

Det som vi i dag omtaler som kinesisk medisin, har opp gjennom tidene òg blitt påverka av indiske, persiske, arabiske, tibetanske og mongolske tradisjonar. I sin tur har kinesisk medisin gitt viktige impulsar til andre tradisjonar i det austlege Asia.

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018