Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 5

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Hos legen.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Samanlikning

På kinesisk blir dei to mønstera under brukt veldig ofte for å uttrykkje ulike typar samanlikning:

1. A 比 B (更) … – A bǐ B (gèng) …

2. 跟 … 一样 … – … gēn … yíyàng ...

Lat oss sjå på desse eksempla frå dialogen når det gjeld punkt 1.:

a) 今天比昨天更厉害。Jīntiān bǐ zuótiān gèng lìhai. – «I dag er det endå verre enn i går.»

b) 有没有比这个好的?Yǒu méi yǒu bǐ zhè ge hǎo de? – «Har du ein som er betre enn denne?»

Mønsteret i den grunnleggjande forma er slik:

A

B

___

gāo

Han

samanlikne

meg

høg

«Han er høgare enn meg.»

Tilstandsverbet som uttrykkjer det aspektet som blir samanlikna, i dette tilfellet 高 gāo, kan ikkje ha adverb framfor seg, med det eine unnataket 更 gèng*. I a) over ser vi at 更 gèng blir brukt for å uttrykkje tydinga «endå». Samanlikn:

gāo

今天

昨天

难受

Jīntiān

zuótian

gèng

nánshòu

I dag

samanlikne

i går

ENDÅ

ubehageleg

«I dag er eg endå verre enn i går.»

*Enkelte gonger høyrer ein

hái i staden for

gèng. Tydinga er den same.

Merk at 更 gèng / 还 hái blir brukt når ein viss kvalitet allereie er konstatert og ein vil uttrykkje ei samanlikning som går utover dette att. Samanlikn:

他比我高。 Tā bǐ wǒ gāo. – «Han er høgare enn meg.»

他比我更高。 Tā bǐ wǒ gèng gāo. – «Han er ENDÅ høgare enn meg.» (= eg er òg høg; han er høgare)

不 bù kan plasserast framfor 比 bǐ dersom ein vil nekte for ein forskjell:

他不比我高。Tā bù bǐ wǒ gāo. – «Han er ikkje høgare enn meg.»

比 bǐ uttrykkjer ein forskjell mellom to ting og spesifiserer aspektet som blir samanlikna (i form av tilstandsverbet som blir brukt, for eksempel 高 gāo – «høg» – 有钱 yǒu qián – «rik» – 帅 shuài – «kjekk» – osv.). For å uttrykkje likskap (som er eller ikkje er tilfelle) bruker ein mønsteret 跟 … 一样… gēn … yíyàng ... Eksempel:

一样

gēn

yíyàng

gāo

Eg

med

han

lik

høg

«Eg er like høg som han.»

Nekting blir gjort ved å plassere 不 bù i konstruksjonen, med to alternative posisjonar:

我 (不1)

(不2)

一样 

(bù1)

gēn

(bù2)

yíyàng gāo

Eg

med

han

lik høg

«Eg er like høg som han.»

1. 我不跟他一样高。 Wǒ bù gēn tā yíyàng gāo. – «Eg er ikkje like høg som han.»

2. *我跟他不一样高。 Wǒ gēn tā bù yíyàng gāo. – «Eg og han (vi) er ikkje like høge.»

*Fordi 跟 gēn òg kan fungere som ein samordnande konjunksjon, «og» (samanlikn med 和 hé), og dermed danne eit fleirtalssubjekt (understreka), kan setninga tolkast på to måtar i unegert form:

我跟他一样高。 Wǒ gēn tā yíyàng gāo = «Vi (eg + han) er like høge.» / «Eg er like høg som han.»

Igjen, samanlikn dette:

我跟你 不一样高。 Wǒ gēn nǐ bù yíyàng gāo. – «Eg og du er ikkje like høge.»

我不跟你一样高。 Wǒ bù gēn nǐ yíyàng gāo. – «Eg er ikkje like høg som deg.»

Eksempelet frå dialogen har same struktur, men har ikkje noko tilstandsverb som uttrykkjer kvaliteten som blir samanlikna etter 一样:

这个药(我吃过,) 
跟 
我家里的 
一样

Zhè ge yào (wǒ chīguo,) gēn wǒ jiālǐ de yíyàng.

Merk at 一样 yíyàng òg kan brukast åleine som predikat. Eksempel:

这两件衣服颜色一样。 Zhè liǎng jiàn yīfu yánsè bù yíyang. – «Fargane på desse to klesplagga er ikkje like.»

2. 多 duō brukt adverbialt

多休息几天就应该好了。 – «Kvil deg godt i nokre dagar, så burde du bli bra.»


Duō xiūxi jǐ tiān jiù hǎo le.

多 duō – «mykje»/«meir» – kan òg fungere adverbialt og uttrykkje tydinga «å utføre (VERB) i stor/større grad». Eksempel:

如果你想写好看的字,你必须多练习。Rúguǒ nǐ xiǎng xiě hǎokàn de zì, nǐ bìxū duō liànxí. – «Dersom du vil skrive pene teikn, må du øve mykje.»

请多关照!(høflegheitsuttrykk) Qǐng duō guānzhào! – «Ver venleg å ta mykje kontakt / gi merksemd.»

天热了,多喝水。 Tian rè le, duō hē shuǐ. – «Det er blitt varmt no. Drikk masse vatn.»

Samanlikn dette:

1. 看很多书。 Kàn hěn duō shū. – «Lese mange bøker.»

2. 多看书。 Duō kàn shū. – «Les(e) mykje.»

I den øvste setninga beskriv 多 duō mengda bøker. I setninga under beskriv 多 duō handlinga «å lese», og at dette blir gjort i stor grad. Nyanseforskjellen ligg i at i setning 2. blir 多 duō brukt til å beskrive måten subjektet utfører handlinga «å lese» på, mens i setning 1. gir 多 duō ei nøytral beskriving av mengda av objektet. Avhengig av kontekst vil 多 duō i dette tilfellet kunne omsetjast med både «mykje» og «meir».

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Leksjon 5: Hos legen