Hopp til innhald
Fagartikkel

Det spesifikke immunforsvaret

Det spesifikke immunforsvaret er eit fleksibelt forsvar. Når eit nytt smittestoff trengjer gjennom det uspesifikke forsvaret, blir det bygd opp ein hær av celler som er spesialistar på å kjenne att og kjempe mot smittestoffet. Nokre av cellene lever lenge og gir oss immunitet mot smittestoffet.

Kjenneteikn ved det spesifikke immunforsvaret

Alle dyr har eit uspesifikt immunforsvar, men det er berre virveldyra som har eit spesifikt immunforsvar. Det spesifikke immunforsvaret blir først aktivert når eit smittestoff har trengt gjennom barrierane i det uspesifikke forsvaret og det verkeleg er fare på ferde. Denne delen av kampen blir utkjempa av lymfocyttar som blir kalla B- og T-celler.

Nemninga "spesifikk" viser til at responsen blir tilpassa det spesifikke smittestoffet. Denne tilpassinga tek tid (fleire dagar), men til gjengjeld blir responsen svært effektiv fordi han er målretta. Samtidig med at smittestoffet blir nedkjempa, opparbeider vi oss mot det. Denne delen av immunforsvaret blir derfor også kalla det erverva eller tillærte immunforsvaret.

Kor viktig det spesifikke immunforsvaret er, merkar vi i dei sjeldne tilfella der det manglar. Eit døme er den genetiske sjukdommen SCID, som er kjenneteikna av mangel på lymfocyttar. For eit barn med SCID medfører all kontakt med andre menneske stor fare for alvorlege infeksjonar, og utan behandling døyr barnet i løpet av dei første leveåra.

Cellene i det spesifikke immunforsvaret er antigen-spesifikke

Alle mikroorganismar har utsjånadsmessige særtrekk, antigen, som gjer at dei ulike cellene i immunforsvaret kan kjenne dei att. Dei piggforma proteina på utsida av koronaviruset er eit døme på det. For enkelheits skuld bruker vi av og til omgrepet antigen om sjølve mikroorganismen.

Cellene i det spesifikke forsvaret, lymfocyttane, har antigenreseptorar på overflata som kjenner att antigen.

For at ein lymfocytt skal reagere på eit antigen, må antigenreseptoren og antigenet passe saman, omtrent som to legoklossar passar saman.

Kvar enkelt lymfocytt har berre éin type antigenreseptor og kan derfor berre reagere på éin type antigen. Lymfocyttane er med andre ord antigen-spesifikke.

Den overordna "strategien" til det spesifikke forsvaret

Frå fødselen av har vi fleire millionar ulike lymfocyttar. Til saman kan dei kjenne att eit enormt spekter av ulike antigen. Dette set oss i stand til å reagere på alle tenkjelege mikroorganismar, inkludert virus som ingen menneske nokosinne har vore infiserte av.

Prisen for at forsvaret kan kjenne att alle tenkjelege antigen, er at vi berre har nokre få lymfocyttar som kan kjenne att kvart enkelt antigen. Når eit nytt antigen kjem inn i kroppen, er vi derfor avhengige av å byggje opp eit forsvar som rettar seg mot det spesifikke antigenet. Dette tek tid, men når responsen kjem, er han til gjengjeld svært effektiv. I tillegg hugsar immunforsvaret antigenet og kan dermed reagere raskare neste gong kroppen støyter på det.

Den overordna strategien til det spesifikke forsvaret er altså å vere i stand til å kjenne att alle truslar, og ved behov etablere eit antigen-spesifikt forsvar som både eliminerer den spesifikke trusselen og gir oss varig beskyttelse.

Gangen i den spesifikke immunresponsen

  1. Attkjenning og aktivering: Når eit bestemt antigen kjem inn i kroppen for første gong, har vi berre nokre få lymfocyttar i kroppen som kan kjenne att antigenet. Den spesifikke immunresponsen startar når ein av desse lymfocyttane bind seg til antigenet og blir aktivert.

  2. Mobilisering og kamp: Den aktiverte lymfocytten deler seg raskt og fleire gonger ved mitose. Dette fører til ein enorm vekst i talet på celler som kan kjenne att det spesifikke antigenet. Dei fleste dottercellene får ei aktiv rolle i kampen mot antigenet, mens nokre blir minneceller.

  3. Minne: Minnecellene har lang levetid og utgjer kroppen sitt "immunologiske minne" om infeksjonen. Dei sørgjer for raskare respons mot antigenet neste gong det kjem inn i kroppen.

Immunforsvaret må "lære" å skilje ven frå fiende

Allereie tidleg på fosterstadiet blir det danna eit repertoar av lymfocyttar som kan reagere på alle tenkjelege tredimensjonale former. Dette omfattar lymfocyttar som kan reagere mot våre eigne overflateprotein.

Sidan enkelte lymfocyttar har potensial til å skade kroppen, må lymfocyttane gå gjennom ein utveljingsprosess før dei kan modnast til ferdige immunceller. Denne prosessen går føre seg heile livet, men er spesielt viktig på fosterstadiet.

På fosterstadiet blir vi sjeldan infiserte av mikroorganismar, og derfor vil lymfocyttane berre støyte på eigne celler. På dette stadiet vil lymfocyttar som bind seg til overflateproteina på kroppscellene, anten undertrykkjast eller gå gjennom programmert celledød, såkalla apoptose.

Komponentane i det spesifikke forsvaret

Det spesifikke forsvaret omfattar fleire typar celler og løyselege stoff. Tabellen nedanfor gir deg ei oversikt over dei du bør kjenne til. Cellene si rolle i sjølve immunresponsen kan du lese om i ein eigen fagartikkel.