Slik fungerer nyrene - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik fungerer nyrene

Nyrene reinsar blodet ved først å fjerne både nyttige og unyttige stoff, for så å føre tilbake dei stoffa kroppen har bruk for. Reinsinga blir delt inn i tre trinn: filtrasjon, reabsorpsjon og sekresjon.

Filtrasjon

I løpet av ein time har 72 liter blod blitt filtrert gjennom nyrene. Det har då fått den ønskte samansetjinga av vatn og ulike bindingar, i tillegg til riktig pH.

Filtreringa skjer i kapillarnøstet (glomerulus) og Bowmans kapsel. Her blir innhaldet i blodet pressa over i nyrekanalen ved hjelp av blodtrykket, som er høgare i nyrene enn i andre organ.

Vatn og små molekyl passerer over i nyrekanalen, mens blodceller og store protein blir haldne tilbake i kapillarnøstet.

Den filtrerte væska blir no kalla preurin (primærurin), og i løpet av eit døgn har nyrene danna omtrent 180 liter preurin. Av dette produserer kroppen cirka 1,5 liter ferdig urin i døgnet. Preurinen inneheld både unyttige og nyttige stoff.

Reabsorpsjon (tilbaketransport)

Blodet som forlèt kapillarnøstet, inneheld stort sett store protein og blodceller. Når blodet så blir transportert langs den første delen av nyrekanalen, blir heile 80 prosent av dei filtrerte stoffa aktivt eller passivt førte tilbake til blodet. Dette er stoff som glukose, aminosyrer, vatn, ion, vitamin og urea. Urea er eit avfallsstoff som kroppen ønskjer å kvitte seg med, men på grunn av eigenskapane til stoffet blir 50 prosent diffundert tilbake til blodet.

Blodet bevegar seg vidare i blodårene langs Henles sløyfe. Her blir store mengder vatn transporterte tilbake til blodet. I den oppovergåande delen blir Na+-ion og Cl-ion pumpa aktivt ut av filtratet og over i vevsvæska som omgir sløyfa, noko som gjer at vatn blir trekt ut av den nedovergåande delen ved . Vatn kan berre trengje gjennom sløyfa i den nedovergåande delen.

Sekresjon

Blodet er bortimot ferdig reinsa når det passerer den siste delen av nyrekanalen. Store molekyl som feittløyselege hormon, legemiddel og tilsetjingsstoff frå mat blei på si side ikkje filtrert ut av blodet i kapillarnøstet. Dei kan transporterast aktivt ut frå blodet og inn i filtratet i den siste delen av nyrekanalen. Denne reinsinga blir kalla sekresjon.

Skrive av Tone Pedersen Rangul og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020