Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om nyrer og urinvegar?

Refleksjon rundt desse oppgåvene vil gi deg betre forståing av korleis urinsystemet fungerer. Du vil òg få trening i å forstå korleis urinproduksjonen blir endra av ytre påverknad.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva er hensikta med urinering?
  2. Korleis kan nyrene hindre at vi taper for mykje vatn?
  3. Kva skjer viss nyrene sviktar?
  4. Hypofysen skil ut antidiuretisk hormon (ADH). Kva ville skjedd viss utskiljinga av ADH hadde stoppa opp?
  5. Du har ete spekemat utan å drikke vatn, og det tek lang tid før du må gå på do. Forklar kva det er som skjer i nyrene.
  6. Nyrene skil ut minst 0,5 liter urin i døgnet sjølv om du ikkje drikk væske. Kvifor?
  7. Du kastar opp og har diaré, sveittar mykje og drikk lite. Forklar kva som då skjer i nyrene.
  8. Kvifor klarer ikkje små barn å kontrollere urineringa?
  9. Kvifor blir behovet for å gå på toalettet mykje større når ein drikk alkohol?
  10. Kvifor er urinen gulaktig?
  11. Ei av oppgåvene til nyrene er å skilje ut avfallsstoff. Kroppen skil ut avfallsstoff på andre måtar òg. Kva for nokre?
  12. Kvifor er det meir vanleg med blærekatarr hos jenter enn hos gutar?
  13. Kva informasjon kan ei urinprøve gi om tilstanden til kroppen?
CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Urinsystemet