Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)ogYrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Hygiene og smittevern
For å unngå sjukdom og lidingar i befolkninga er det viktig med god hygiene og rutinar for smittevern. Som fagarbeidar i helse- og oppvekstsektoren har du eit ekstra ansvar for at retningsliner blir følgde nøye.
Hygiene i arbeid med menneske
Hygiene handlar ikkje berre om personleg hygiene eller læra om mikroorganismar. Det handlar også om reinhald av bygningar, utstyr, vassforsyning og sanitære forhold. I arbeid med menneske har du ansvar for å følgje retningslinjer for din arbeidsplass slik at dette blir vareteke på ein god måte.