Skadeførebyggjande trening med samansette øvingar - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Skadeførebyggjande trening med samansette øvingar

Her finn du samansette øvingar der du trener både styrke, rørsleevne og balanse i ei og same øving.

Desse øvingane rettar seg mot strukturar i og delar av kroppen som ofte er skadeutsette.

Øvingane styrkjer musklar, sener og ledd. Derfor kan dei førebyggje akutte skadar som strekk og belastningsskadar. Belastningsskadar er til dømes overbelastning, betennelsar og avrivingar i musklar og sener. Betennelsar skjer som oftast i overgangen mellom musklar og sener og mellom sener og knoklar.

Desse øvingane kombinerer styrke med rørsleevne og balanse og er fine øvingar om du treng ei utfordring når det gjeld skadeførebyggjande trening. Øvingane høver for deg som har trent styrke ei stund.

Eittbeins strake markløft med skulderpress

I denne øvinga trener du musklar i både bein, mage/rygg og armar, og i tillegg får du trent balansen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Utfall med rotasjon

I utfall med rotasjon trener du musklane i beina og i mage/rygg. Du trener òg rørsleevna i hofteleddet og i ryggen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Armhevingar med tågonge

I denne øvinga trener du fleire musklar i magen i tillegg til brystmuskelen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Hofteopnar

I denne øvinga trener du rørsleevna i hofteleddet, skulderleddet og ryggen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022