Skadeførebyggjande øvingar for overkroppen - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Skadeførebyggjande øvingar for overkroppen

Her finn du skadeførebyggjande øvingar for skulder og kjernemuskulaturen i mage og rygg.

Desse øvingane rettar seg mot strukturar i og delar av kroppen som ofte er skadeutsette. Skulder, nakke og rygg er område i overkroppen som er meir utsette enn andre område.

Øvingane styrkjer musklar, sener og ledd. Derfor kan dei førebyggje akutte skadar som strekk og belastningsskadar. Belastningsskadar er til dømes overbelastning, betennelsar og avrivingar i musklar og sener. Betennelsar skjer som oftast i overgangen mellom musklar og sener og mellom sener og knoklar.

Planke med skulderrotasjon

Planke med skulderrotasjon er ei øving som styrkjer skuldra og kjernemuskulaturen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Sideplanke

Sideplanke er ei øving som styrkjer skulder, kjernemuskulatur og utsida av hofta. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Planke med tåberøring

I denne øvinga trenar du magemusklane, stabilitet i skulderleddet og rørsleevna i ryggen og skulderleddet. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Utoverrotasjon

Utoverrotasjon er ei øving som styrkjer muskulaturen på baksida av skuldra. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Ryggliggjande bein- og armstrekk

I denne øvinga trener du magemusklane. I tillegg blir du bevisst på posisjonen til bekkenet og ryggen. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor trene skadeførebyggjande?

Muskel- og skjelettplager er svært vanlege. Plagene oppstår når musklar, sener eller ledd blir utsette for ei større belastning enn dei toler.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021