Hopp til innhald

Helse og livsstil

Helsa di blir påverka av kva for livsstil du vel. Som fagarbeidar skal du bidra til å fremje ein aktiv og sunn livsstil og rettleie brukarane av helse- og oppveksttenester til å gjere gode val for si eiga helse.

Ergonomi

Ergonomi handlar om tilpassing mellom arbeidsmiljø, teknikk og menneske for å unngå sjukdom og belastingsskadar. Både arbeidsgjevar og tilsette må ta omsyn til ergonomiske prinsipp for å unngå feilbelasting og unødvendig slitasje på arbeidstakarane.