Linjediagram/kurvediagram - Matematikk 1T-Y - HS - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Linjediagram/kurvediagram

Linjediagram, eller kurvediagram, passar best når vi ser på ei utvikling over tid. Til dømes vil eit talmateriale som viser talet på arbeidsledige over ein tidsperiode, vere gunstig å presentere i eit kurvediagram.

Frå Statistisk sentralbyrå kan vi hente opplysningar om til dømes talet pål arbeidsledige menn og kvinner i Noreg over ein tidsperiode.

Kurvediagramma ovanfor illustrerer utviklinga frå 1996 til 2008.

Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018