Hopp til innhald

Fagstoff

Meister

Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang
prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idear.

Tid: 15 minutt

I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative. Gå saman to og to. De får kvar dykkar rolle:

  • Éin er reporter.
  • Den andre er «verdsmeister».

Den av dykk som er «verdsmeister», veit alt om eit tema. Reporteren skal intervjue verdsmeisteren om temaet.

Instruksjon

  1. Dei to elevane i kvar gruppe skal tenkje på kvart sitt substantiv og seie det i munnen på kvarandre når læraren har talt til tre. Dersom orda til dømes er «ape» og «hus», blir temaet apehus. Dette teamet er verdsmeisteren ekspert på og veit alt om.
  2. Reporteren skal no intervjue verdsmeisteren om temaet i 2–3 minutt. Reporteren kan til dømes spørje:

    • Kor mykje kostar det?
    • Korleis er det produsert?
    • Kva bruksområde har det?
    • Kva særtrekk har det?
    • Korleis ser det ut?
    • Kven har bruk for det?
  3. Deretter byter elevane roller og gjennomfører punkt 1 og 2 på nytt.
  4. I plenum: Læraren spør nokre av reporterane om å referere (summere opp) kva verdsmeisteren har fortalt om temaet.
  5. Refleksjon: Det er viktig at de reflekterer saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke denne øvinga i ulike samanhengar.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

  • Kva tenkjer de at de lærer av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?

CC BY-SASkrive av Ungt Entreprenørskap.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020

Læringsressursar

Teknikkar for idéutvikling