Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag skisser til ei magasinframside og eit animert banner

Skisser opp framsida til eit magasin og eit animert banner som sel same magasin, og få tilbakemelding frå medelevar.
Skisse av magasinframside og banner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Vel eit magasin du vil lage framsida til.
  • Last ned og skriv ut malen: Mal til storyboard og magasinskisser, eller teikn opp ruter på eit A4-ark.
  • Filer

  • Skisser opp ni ulike løysingar for ei framside. Bruk kort tid. Ta gjerne tida med stoppeklokke, og gjenta prosessen ved behov. Ta gjerne utgangspunkt i ein bestemt idé eller eit konsept for Magasinet.
  • Vel ut ei av skissene som du teiknar opp litt større på eit A4-ark. Bruk gjerne linjal. Skriv grunngjeving for storleik og plassering av element, og for sentrale fargar du vel.
  • Teikn opp ruter på eit ståande A4-ark for å lage storyboard til eit animert banner. Bruk det du har lært om storyboard og om skisser av magasinframside, og skisser opp eit animert banner som skal selje det same magasinet du allereie har jobba med.
Skisse av magasinframside og banner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vis medelev

  • Jobb to og to eller i større grupper.
  • Forklar korleis du oppfattar den andre sine skisser.
  • Gi konstruktive tilbakemeldingar på ideane til kvarandre og skriv ned nokre betringspunkt for ideane og for skissene.
  • Bli einig med lærar om levering av arbeidet.
CC BY-SASkrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018

Læringsressursar

Teknikkar for idéutvikling