Korleis utviklar profesjonelle medieprodusentar ideane sine? Her deler speleutviklar Peter Meldahl og grafisk designar Stine Karlsen sine tips om idéutvikling og den kreative prosessen.
Kort samandrag av filmklippet
- Vurder rammevilkåra. Økonomiske omsyn, kven er du og eventuelt dei andre som skal samarbeide. Kva kan de?
- Definer rammeverket for oppdraget. Kven er målgruppa? Kva er føremålet? Deadlines?
- Gjer research. Søk på nettet, les bøker, spør fagfolk eller eventuelt kunden. Hugs: Det finst ingen dumme spørsmål i research-fasen!
- Bli inspirert! Samle inn masse ulike uttrykk. Bruk god tid! Bruk internett, naturen. Lån gjerne frå andre, men legg til nye element.
- Idémyldré-prosessen: Lag skisser, teikn, bruk dataverktøy. Ikkje sensurer deg sjølv! Jobb gjerne med andre i denne fasen.
- Kritikk: Gi og få konstruktiv kritikk frå andre for å luke ut ideane.
- Står du fast? Ta ein pause.
- Evaluer det du har kome fram til.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021