Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Finn opp ein klima-app!

Mange ønskjer å bidra mindre til utslepp av klimagassar, men dei veit ikkje heilt kvar dei skal starte. Finn opp ein app som gjer det motiverande å ta klimavennlege val!
Mann og kvinne med ulike skjermar med app. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1

Kvifor treng vi ein klima-app? Bruk to minutt på å diskutere med sidemannen din kva som gjer at folk ikkje tek klimavennlege val, sjølv om dei eigentleg ønskjer å gjere det.

Del dette med klassen for å skape ei felles forståing av problemet de no skal bidra til å løyse.

Del 2

Sjå filmklippet under.

Diskuter i klassen: Korleis kan vi bruke det som kom fram i filmen, i planlegginga av appen vår?

Del 3

Kom med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som løyser problema de beskreiv i del 1, og som går fram av filmen i del 2.

  1. Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
  2. Gå så saman i grupper på tre for å utveksle idear. Jobb saman med å utvikle ein felles app-idé. Illustrer ideen dykkar med teikningar.
  3. Fordel desse oppgåvene i gruppa:
  • Éin gruppemedlem skal ha ansvaret for å drive arbeidet framover og passe på at alle får bidra i diskusjonen.
  • Gruppemedlem nummer to skal ha ansvaret for å notere ned alle idear som dukkar opp.
  • Den tredje gruppemedlemmen skal ha ansvaret for å søkje opp informasjon som de kan bruke i arbeidet. Han eller ho skal òg passe på at gruppa svarer på oppgåva med bidraget sitt.

Del 4

Presenter app-ideen dykkar for klassen:

  1. Forklar korleis de trur appen vil gjere det lettare å leve miljøvennleg.
  2. Korleis har de løyst nokre av problema som de beskreiv først i oppgåva?

Del 5

Diskuter og vurder alle app-forslaga i klassen. Kva for ein av ideane trur de vil fungere best? Kvifor? Sjå spesielt på desse punkta:

  1. Korleis har appen lagt til rette for at brukaren skal bli motivert til å ta miljøvennlege val?
  2. Korleis synleggjer appen effekten av dei vala som brukaren tek?
  3. Korleis trur de appen vil bli teken imot av ulike brukargrupper?
  4. Kor lett er det å realisere app-ideen?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Samarbeid i kreative prosessar