Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan vi stole på dokumentarfilmen?

Dokumentarfilmen gir eit objektivt og sannferdig bilete av verkelegheita – eller? Høyr dokumentarskaparane Tonje Hessen Schei og Tommy Gulliksen fortelje om korleis dei behandlar verkelegheita når dei lagar dokumentarfilm, og vurder sjangeren med eit kritisk blikk.

Tonje Hessen Schei har mellom anna laga dei premierte dokumentarfilmane "Drone" og "iHuman", mens Tommy Gulliksen har skapt true crime-dokumentarserien "Mannen som falt" for TVNorge og laga dokumentarfilmen "War of Art" frå Nord-Korea. Både Hessen Schei og Gulliksen vel medvite korleis dei formidlar verkelegheita i filmane sine.

Start med å sjå filmen, og jobb deretter med oppgåvene.


1 Sanning eller propaganda?

Nord-koreanske soldatar salutterer ved bronsestatuar av tidlegare leiarar i Pyongyang. Foto.

Tommy Gulliksen har laga dokumentarfilm i diktaturet Nord-Korea.

  1. Kva for utfordringar og etiske dilemma kan ein oppleve når ein filmar i eit lukka land som Nord-Korea?

  2. Kvifor må dokumentarfilmar sjåast med eit kritisk blikk?

  3. Kan du gi døme på tilfelle der dokumentarsjangeren har blitt misbrukt til propagandaformål? Kva kan vere grunnen til at dokumentarsjangeren blir brukt på den måten?

2 Spelefilm eller dokumentar?

Tonje Hessen Schei har laga dokumentarfilmane "Drone" om bruk av dronar i krigføring og "iHuman" om kunstig intelligens. Sjå dei første minutta av kvar film.

  1. Kva stemning blir sett i anslaget, og kva for verkemiddel bruker regissøren for å skape denne stemninga?

  2. Kva for verkemiddel blir brukte i innleiinga for å presentere temaet (konflikten) på ein verknadsfull måte?

  3. Er det problematisk at dokumentarfilmar låner verkemiddel frå spelefilmen? Finn ja- og nei-argument.

Film 1: "Drone"

Film 2: "iHuman"

3 Drøft skriftleg

Bruk det du har sett, høyrt og diskutert om dokumentarfilmen, som utgangspunkt for ei skriftleg drøfting der du svarer på spørsmålet vi har stilt innleiingsvis: Kan vi stole på dokumentarfilmen?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon